«Tenk om Knut Arild Hareide blei til ein zombie, og åt opp Siv Jensen!»

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 29.03.2018 20:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nesten alle bøkene mine har eg prøvd å skriva som vaksenbøker, men så har det blitt ungdomsbøker. Eg får ikkje til å skriva for ein vaksen. Eg føler meg ikkje vaksen. Men eg har skremt vettet av ganske mange ungar – det er ganske kult, synest eg, seier Tor Arve Røssland.

Forfattaren er spesielt kjent for grøssarar for born og ungdom som Svarte-Mathilda-bøkene, Glimt og Skumring-serien.

No er han aktuell med grøssaren Den tolvte spelaren. Boka tar opp aktuelle problemstillingar som rasisme, vald og trugsmål, og kor vanskeleg det er å fortelja om noko ein veit ein bør fortelja om, samstundes som ein har lova å ikkje seie noko.

Ingen badekle

Elevane ved Hillestveit skule på Bømlo fekk vera med på sitt første bokbad tysdag kveld. Nokre av elevane lurte på korleis det ville gå føre seg, og om dei måtte ha badekle på seg – og ikkje minst: ville forfattaren koma i badebukse?

Men alle var fullt påkledde då bokbadarane Jenny Maytinee Ruangrit og Aurora Lodden fekk æra av å introdusera forfattaren.

–  Kva er det som inspirerer deg?

– Ungane mine har ofte gjort det fleire gonger. Elles kan det vera folk eg møter, og reising. Boka Glimt fekk eg inspirasjon til etter eg var på Utsira og besøkte ein skule der det blei sagt at det spøkte noko infernalsk.

Boka Soledad hentar òg inspirasjon frå Utsira.

Zombie-invasjon

I 2014 kom Tor Arve Røssland med zombie-splattaren En smak av zommer, der Bømlo blir invadert av zombiar etter eit jordskjelv.

– Eg fekk ideen medan eg såg på ein debatt mellom Knut Arild Hareide og Siv Jensen. Bømlingar, og spesielt Knut Arild Hareide, høyrest så uskuldige ut. Og så kom eg til å tenkja: «tenk om Knut Arild Hareide blei til ein zombie, og åt opp Siv Jensen»!

– Stel frå andre

Svarte-Mathilda-bøkene var det borna hans som inspirerte han til å skriva, etter dei hadde skremt seg sjølve med ei historie om Svarte-Mathilda. Viss du sa namnet hennar fleire gonger framfor ein spegel, så ville du døy.

– Blir du inspirert av andre forfattarar?

– Eg stel frå mange forfattarar. I den nyaste boka har eg stole ein del frå Stephen King.

Frå han var 14 år til han var kring 20 år, så las Røssland alt av grøssar-forfattaren Stephen King. Roald Dahl er ein annan forfattar han er glad i.

– Tar det lang tid å skriva ei bok?

– Cirka eitt år.

– Planlegg du heile boka før du skriv?

– Veldig sjeldan. Den boka eg held på med å skriva no, gjer eg det. Det er fordi den er basert på ei verkeleg historie frå andre verdskrigen.

– Mykje sløving

– Korleis er ein vanleg dag for deg som forfattar?

– Det er ingen vanleg dag som forfattar. Det er ofte mykje sløving. Eg treng ein deadline for å få ferdig bøkene, seier forfattaren til nervøs latter frå lærarane som er til stades.

Forfattaren fortel at han ofte skriv om morgonen, elles er det ein del research på nettet.

– Har du hatt skrivesperre?

– Nei, det har eg ikkje hatt. Men det kan vera at eg sovnar mens eg skriv. Elles blir eg litt småsur når eg finn ut at det historia sluttar for tidleg.

Skremd av eiga bok

– Kva skremmer deg?

– Små, søte jentespøkelse skremmer meg på film. Dei er utruleg creepy, og skremmer meg veldig i eit halvt sekund. I verkelegheita er det edderkoppar som skremmer meg.

Tor Arve Røssland fortel at hans eiga bok Dronen skremde han. Den handlar om ein gut som blir nynazist.

– Det var overraskande enkelt å skriva Dronen. For å finna dialogen var det berre å gå inn på Sylvi Listhaug sin profil. Eg trong nesten ikkje å gå inn i kommentarfeltet ein gong, og så fekk eg nesten all dialogen til nynazistane.

Les innlegget til Tor Arve Røssland: Den skumle vinden frå ytste høgre