Kvifor stemma når Putin avgjer?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart først publisert i Universitas 31. januar i år. Ho er skriven av Universitas sine journalistar på tur i St. Petersburg og Moskva.

– Skal du røysta i mars?

I ei studentleilegheit plassert midt i St. Petersburg sit fem russiske studentar rundt kjøkkenbordet til bustadskomplekset medan dei et pizza og drikk øl, vin, og dessutan den tradisjonelle russiske drikken Kvas. Dei studerer eigenleg humaniora og statsvitskap ved Det europeiske universitet, men det vart i sommar stengt av styresmaktene – offisielt på grunn av manglande undervisingslisens.

Det går ein kule varmt når to av gutane diskuterer definisjonen av «liberalisme». Er det eigenleg ein politisk ideologi i dagens Russland, eller er det berre vorte ei nemning for motstanden mot Kreml?

Trass i det akademiske lynnet deira og gode engelskferdigheter, er det engelske ordet «vote» ukjent for dei. Etter mykje om og men forstår dei at spørsmålet eigenleg handlar om kva dei synest om Vladimir Putin, mannen som dei siste 18 åra har sete med makta i det vidstrakte landet.

Den beste måten å visa motstand på er å verta heime på valgdagen, meiner dei. For den tidlegare KGB-agenten vert etter alle solemerke attvald uansett.

– Det er eigenleg ikkje noko som heiter å røysta i Russland. Putin avgjer uansett, seier ein av dei.

Den liberale rørsla er som ein person som ikkje har hatt sex på lengje. Den første som seier «ja», vil òg vera det beste valet – og det er Navalny i dette tilfellet

Grigory Konnikov (21)

Éin politikar

Eit lite stykke unna studenthybelen møter vi Grigory Konnikov på ein av byen sin mange hippe kaffebarer. Han kunne like gjerne lege på Grünerløkka, som i byen som for inntil 27 år sidan bar Lenins namn.

Grigory er 21 år, studerer russisk historie ved statsuniversitetet i St. Petersburg og er òg ei aning indignert over den politiske situasjonen i heimlandet sitt.

– I Russland er det berre éin politikar, og han heiter Vladimir Putin. Heile systemet er eit teater. Valet til våren er det beste skodespelet dette teateret kunne sett opp, seier Grisha, som han gjerne vert kalla.

Sjølv om det nærast er opplese og vedteke at Putin vil vinna valet 18. mars, er det ikkje utan motkandidatar. Men opposisjonen mot presidenten fekk seg eit kraftig skot for baugen då den meste populære motkandidaten, Aleksei Navalny, vart nekta å stilla 25. desember i fjor.

Frå Stalin til Putin: Grigory meiner den ikkje-offisielle, men sanne ideologien i Russland er etatisme. Det tyder at staten er viktigare enn einskildpersonar. – Det går ei direkte linje frå Ivan den grusame, via Stalin og til Putin, seier han. Foto: Hanna Kristin Hjardar

Styresmaktene grunngav det med ein tidlegare bedrageridom, medan opposisjonen, Navalny sjølv og internasjonale observatørar meiner valkommisjonen sin beslutning var politisk motivert. Navalny har slege politisk mynt på antikorrupsjon med stor appell til spesielt unge, Putin-kritiske russarar.

Sexlaus opposisjon

Men sjølv om han er vorte andletet til opposisjonen, er han kontroversiell òg i liberale kretsar. Grigory trekkjer fram ein debatt i sommar mellom Navalny og Igor Strelkov. Sistnemnde er ein av offiserane som spelte ei nøkkelrolle i annekteringen av Krim og som har vorte skulda av ukrainske styresmakter for å stå bak tortur og drap på sivile.

– I debatten krangla dei om kven som var den beste nasjonalisten, seier Grigory.

I ein YouTube-video frå 2008 samanliknar Navalny immigrantar med insekt som må klaskast med flugesmekker, bli trampa på eller skytast. Grigory trur òg opposisjonspolitikaren har sterke band til styresmaktene i Kreml.

– Den liberale rørsla er som ein person som ikkje har hatt sex på lengje. Den første som seier «ja», vil òg vera det beste valet – og det er Navalny i dette tilfellet, seier Grisha.

Han er ikkje så glad i ordet «opposisjonspolitikar», og ytrar ordet med ein tydeleg ironisk og indignert distanse – dei er alle «agents of the Kremlin».

– Den beste løysinga er å ignorera dette teateret. Du kan snakka om det, men ikkje involver deg, seier han og legg til:

– Og ikkje stem.

I Russland er det berre éin politikar, og han heiter Vladimir Putin

Grigory Konnikov (21)

Vil få ned deltakinga

På sundag vart Navalny arrestert i Moskva, etter omfattande demonstrasjonar i fleire russiske byar mot avgjerda om å utestenga han frå presidentvalet. I utkanten av hovudstaden møter vi Oleg Snov, ikledd kampanje-t-skjorter med Navalnys bodskap. Han er 25 år, skriv ein doktorgrad i politisk psykologi og er regionsleiar for Navalny-kampanjen i heile Sibir.

– Russland er langt frå demokratisk, og vi var ikkje sikre på om vi fekk halda fram heilt til mål. Men det var enno ein stor skuffelse då vi fekk sjokkbodskapen i desember, seier han.

– Kvar går vegen vidare no?

– Vi må få ned valdeltakinga så mykje som mogleg, fordi det no er eit val utan høve til å velja. Vi veit Putin vil vinna i mars, men vi må sørgja for at han ikkje vert demokratisk valt, seier han.

Navalny for alle penga: Oleg seier nedturen var stor då Alexei Navalny vart nekta å stilla til val. – I det siste har eg skamma meg over mitt eige land, seier han. Foto: Hanna Kristin Hjardar

Sentrumsorientert

Når samtalen byrjar å vri seg inn på Navalnys fortid med den infamøse kakerlakk-videoen, vrir han seg òg i stolen. Oleg fortel at dette var spørsmåla han venta på frå ein vestleg journalist.

– Eg er ikkje heilt samd med Navalny i eitt og alt, eg er nok nærare sentrum. Poenget er at han kan bringa noko på banen som andre ikkje kan. Han har fått den unge generasjonen interessert i politikk, seier Oleg.

– Er Navalny nasjonalist?

– Det er eit vanskeleg ord i ein russisk kontekst. Han er ein politikar for den nye generasjonen. Personleg trur eg nokon av ideane til nasjonalistane kan brukast i samfunnet.

Vant til tsarar

Russarar er vant til å styrast av Ivan den grusame eller Josef Stalin. Eller Vladimir Putin

Marta Vinogradova (22)

Trass i dei inderlege protestane og mostanden frå dei unge, er Vladimir Putin framleis enormt populær hos den jamne russar. Ifølgje ei undersøking utført av det uavhengige og internasjonale gallupbyrået WIN/GIA hadde han i oktober 2017 heile 79 prosent støtte i den russiske folkesetnaden. Det er eit uvanleg høgt tal for ein statsleiar som har sete ved makta i 17 år.

– Kvifor er det sånn?

– Russarar er vant til å styrast av Ivan den grusame eller Josef Stalin. Eller Vladimir Putin, seier den 22 år gamle historiestudenten Marta Vinogradova frå Krasnodar i Sør-Russland.

Men Marta trur ikkje heilt på at han er så populær som undersøkinga til WIN/GIA seier og fortel at det i ein jungel av feilinformasjon er vanskeleg å vita kva som er sant og kva som er manipulert.

– Dei som ser på stats-TV vert redde for resten av verda, og tenkjer at Putin er den einaste som kan demma opp mot Vesten og «homo-samfunnet». Propagandaen fungerer veldig bra, seier Marta.

– Korleis trur du Russland vil sjå ut om ti år?

– Eg håpar på ei betre framtid, ei framtid utan Putin. Men han har øydelagt ein kvar moglegheit for ein opposisjon, så han kjem til å herska til han døyr, seier ho.

Ingen aktivist: Marta seier ho hadde vorte med på protestane om ho hadde følt seg trygg. – For nokre veker sidan vart nokre aktivistar grovt banka opp i heimbyen min, Krasnodar, seier ho. Foto: Hanna Kristin Hjardar

Putin-tilhengaren

Men kven er dei mange russarane som støttar presidenten? I to veker har vi søkt etter ein ung Putin-tilhengar. Presidenten er rett nok langt meir populær på landbygda enn i dei store byane, som Moskva og St. Petersburg.

Montesquieu sa at ein lukkeleg nasjon har trygge borgarar. Akkurat no er det mykje tryggare her i Moskva enn i andre europeiske byar

Alexander Komkov (22)

På Gulag-museet i Moskva jobbar Alexander Komkov. 22-åringen som ikkje studerer, men som jobbar med å starta ein IT-festival i Russland er den første vi møter som stør opp under det russiske politiske systemet.

– Eg skal røysta på Putin i mars, seier han.

– Kvifor?

– Han har gjort ein god jobb lengje. Charles Montesquieu sa at ein lukkeleg nasjon har trygge borgarar. Akkurat no er det mykje tryggare her i Moskva enn i andre europeiske byar. Det er fordi FSB (Russland tryggleiksteneste, etterfølgjaren til KGB) har gjort ein god jobb, seier Alexander.

Men det russiske samfunnet er ikkje perfekt, ifølgje 22-åringen. Han synest det er synd at det politiske leiarskapen er så gammal, og at Russland har ein heller dårleg relasjon til Vesten.

– Men Putin er det beste alternativet vi har, for det finst ingen opposisjon. Navalny er ein bedrageridømt skurk.

– Er Russland demokratisk?

– Vi har kanskje nokon ting som er forbodne, men Russland er ikkje eit diktatur. Om ein vil ha endring, har ein høve til å gå til styresmaktene for å seia frå. Alle snakkar om problem, men ingen vil faktisk gjera noko.

Støtte til Putin: Alexander stiller seg spørjande til kven som kunne teke over for Vladimir Putin. – Sjølv om ikkje alle synest Russland er perfekt, respekterer dei han. Han er ein god leiar, seier han. Foto: Hanna Kristin Hjardar

Ung interesse

Alexander er eit unntak. For dei fleste studentane i Moskva og St. Petersburg verkar det som det viktigaste er å demma opp for Vladimir Putin. Ein av desse er Dmitry Sereda, som studerer på eliteskulen Higher School of Economics i Moskva. Han er uttalt sosialist, men kunne likevel tenkt seg å røysta på Navalny om han fekk stilla som president, trass i at den politiske avstanden mellom dei er stor. Det meste er nemleg betre enn Vladimir Putin.

– Det er heilt klart at Navalny ikkje er perfekt, for han har hatt sjåvinistiske, høgre-orienterte haldningar tidlegare, og ein må vera forsiktig i støtta til han, seier han.

Grunnen til at Dmitry kan, noko motvillig, gje opposisjonspolitikaren si støtte, er at han no har «ein meir venstreorientert retorikk, at han er ein dugeleg politikar og at det han gjer er skikkeleg kult».

– Navalny har fått unge interessert i politikk. Det er ei nyvinning i heile Russlands historie.

Raudt engasjement: Dmitry er frå ein særs velbemidla russisk familie, men likevel er han sosialist med Bernie Sanders som det politiske forbiletet sitt. – Det er kanskje litt schizofrent, men eg kan ikkje kasta overtydingane mine på havet fordi eg vart fødd inn i ein rik familie, seier han. Foto: Hanna Kristin Hjardar

– Diktatur

Russlands lange historie med diktatur, korrupsjon og sosial ulikskap er alle forklaringar på Russlands store problem i dag, meiner Dmitry.

74,5 prosent av verdiane i landet var i 2016 eigd av den rikaste prosenten, og Transparency Internation rangerer Russland som like korrupt som Iran, og meir korrupt enn blant andre Mexico, Malawi og Kina.

– Vi fekk aldri nokon høve til å utvikla demokratiske institusjonar. I praksis lever vi eit diktatur, og det er Russlands hovudproblem, seier Dmitry.

Nokre gonger verkar det som ikkje noko vert endra, før alt vert endra over natta

Dmitry Sereda (23)

– Kor mykje er Putins skuld?

– Han er heilt klart ein del av problemet, og er ein del av eliten som tok alle pengane og delte landet. Det er ikkje slik at vi hadde eit vent demokrati som Putin plutseleg øydela. Men han øydela mykje.

– Korleis trur du Russland ser ut om ti år?

– Det er ingen total apokalypse her. Samstundes er det ingen grunn til å vera optimistisk om framtida vår. Eg ser ingen måte Russland kan endrast radikalt, seier han og legg til at Lenin berre nokre månader før revolusjonane i 1917 skrev at han aldri ville vera vitne til ein russisk revolusjon.

– Russlands historie er unik. Nokre gonger verkar det som ikkje noko vert endra, før alt vert endra over natta.

Les fleire saker frå Universitas om valet i Russland her:

Presidentval i Russland

  • Valet haldast sundag 18. mars 2018
  • Vladimir Putin er forventa å vinna og halda fram som president i seks år. Statsministerkandidaten hans er Dmitrij Medvedev
  • Motkandidatar finst, men dei vert ikkje forventa å få stor oppslutning. Det er blant anna Pavel Grudnin frå kommunist-partiet og TV-ankeret og Putins guddatter Ksenia Sobchak

Alexei Navalny:

  • Født 4. juni 1976
  • Har i dei siste år gjort seg merka som ein skarp Putin-kritikar på sin eigen blogg
  • Stilte eigenleg til presidentvalet i mars, men vart i desember nekta av valkommisjonen å stilla på grunn av ein tidlegare bedrageridom
  • Arrestert fleire gonger for ulovlege demonstrasjonar, seinst sist sundag i Moskva
  • Starta den politiske karrieren sin i det liberale partiet Yabloko

Vladimir Putin:

  • Født 7. oktober 1952
  • KGB-agent i Aust-Tyskland på 80-talet
  • Vart utpeikt av dåverande president Boris Jeltsin som etterfølgjaren sin i årsskiftet 1999/2000.
  • Vande valet i 2000, og har sidan vore Russlands president, men unntak av perioden frå 2008-2012, då han var statsminister. Han vert rekna som Russlands reelle leier òg i denne perioden

Den russiske føderasjonen:

  • Etter Sovjetunionens fall i 1991, vart Boris Jeltsin valt som Den første presidenten til den russiske føderasjonen – og Russlands første demokratiske leiar nokosinne
  • Dei tidlegare Sovjet-åtte føretaka stod no utan nokon eige, og ei lita gruppe menn, kjent som oligarkane, kjøpte opp desse
  • På grunn av dårleg helse og aukande alkoholisme, vart den unge Vladimir Putin utpeikt som Jeltsins arvtager i 1999, og vann presidentvalet i 2000 . Han har vore Russlands leiar heilt sidan