Jarle Bernhoft spelar for berekraftmåla

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konserten er ein del av arrangementet «Den vakraste nattevandringa i verda», og vert halden i samband med nattevandringa opp til byfjellet Aksla, der alle vert inviterte til å bli med å gå for berekraftsmåla. Vandringa startar i skumringa, og trappetrinna opp til Aksla blir lyssette. På toppen spelar Jarle Bernhoft konsert for alle som er med.

– Eg ser fram til å spele på toppen av spektakulære Aksla i Ålesund, og håpar eg har pust igjen etter å ha bore opp stæsjet mitt. Eg vil gjerne bidra til å rette søkelyset mot FNs berekraftsmål.

– Måla er viktige verktøy for å oppnå kanskje det viktigaste som finst: Vi er nøydde til å, heilt fundamentalt, spele betre på lag med kloden og andre menneske, seier Jarle Bernhoft om konserten i ei pressemelding.

Berekraftmåla vil utrydde fattigdom og stoppe klimaendringane

Arrangementet er i regi av Norad.

– Berekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for heile verda for å utrydde fattigdom, kjempe imot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. For å symbolisere dette krafttaket skal vi lyse opp Noregs mest ikoniske trapp i berekraftsmålsfargane, seier direktør i Norad Jon Lomøy.

Nattevandringa går av stabelen for fjerde gong og i år er det sett ekstra fokus på mål nummer 14 – livet under vatn.