Klassetopp i 1994

Christian Wiik Gjerde
Publisert
Oppdatert 05.03.2018 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein låt eg likar: That’s What Friends Are For

Alle elevane kom med ein kassett. Ferdigspola og klar til å stikke inn i kassettspelaren.

Christian Wiik Gjerde fekk eit brutalt møte med den rådane musikksmaken i klassa si. Foto: Christian Raabe/Samlaget

På den tida hadde eg svært liten interesse av musikk. Men klassetopp. Ja, det var toppen av lukke. Men eg ante sjølvsagt ikkje konsekvensen av det som kom til å skje.

Venane mine høyrde mellom anna på Metallica og Ace Of Base og var blodfan av det eg følte var unødig støy. Eg høyrde på det som var fint, og ferdig med det. Eg kunne vel eigentleg ikkje namnet på så mange artistar. Michael Jackson, kanskje. Og Børud-gjengen, takke vere farmor og kassetten ho hadde kjøpt til meg. Ja, og så likte eg musikken til slike syngedamer som hadde songar med fin melodi. Lite visste eg at det heitte balader. Gjerne power balader, som ikkje akkurat tøffe gutar høyrde på.

No skulle eg altså spele min favorittlåt for klassa. Kvelden før hjelpte pappa meg med å finne ein song. Eg synest å huske at kassetten var brun i ein gyllen farge. Han sette kassetten i spelaren. Spolte litt fram og tilbake, og så dukka songen opp som fekk meg til å måpe.

Olala, tenkte eg. Den her vinn eg lett med! Den er jo råfin!

Eg sleit nok litt med sjølvinnsikta på den tida.

Vi var 12 elevar i klassa, og eg skulle spele låta mi halvvegs ut i konkurransen. Eg gledde meg, og var eigentleg ganske stolt som hadde ein song som skilte seg ut. Så til dei grader (!!!!). Mitt val var ein låt alle kom til å like, tenkte eg.

Marit, musikklæraren, sette på låten. Eg kika meg rundt, og såg at folk rundt meg vart knallraude og vrei seg i stolen. Det verka som folk heldt på å krepere, utan å lage ein einaste lyd.

Og eg forstod at eg hadde bomma. Eller at pappa hadde bomma.

For meg var det heilt fullstendig uforståeleg. For kven er det som ikkje likar That’s What Friends Are For, med Dionne Warwick?

Eg kom på siste plass. NULL poeng. Eg fekk ikkje ein gong poeng frå bestekameratane mine. Noko som i seg sjølv var ganske så sjokkerande. Ein nydeleg melodi med fantastisk bodskap hadde berre to ivrige «fans» i det rommet, og det var Marit og eg.

Dei som kom på topplassering var All That She Wants med Ace Of Base og Metallica med ein bråkete låt eg ikkje anar kva heitte.

Tru det eller ei. Eg har aldri slutta å like den songen.