Intetskjønn analyserer låta «Kuk og fitte»

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Intetskjønn analyserer «Kuk og fitte»

Intetskjønn er Ragnhild Nelvik Bruseth (30) på trommer, Alexander Didriksen (28) på bass, og Ida Charlotte Bratteberg Jakobsen (28) på vokal og gitar, også kalla «Ida Ichaxen» blant band-vennene. Torsdag og laurdag speler dei på Bylarm i Oslo.

Dei starta å spele saman for 3 år sidan. Ragnhild hadde aldri spelt trommer før, men ville spele trommer i band. Og ho ville ikkje spele i eit «mannekøntri-band». Ida hadde eitt og anna politisk bodskap ho ville nå ut med, og ikkje minst ein trong til å blåse ut gjennom ein ventil.

Ventilen vart øvingslokalet og scena

Scena er ein ventil for vokalist Ida Charlotte Bratteberg Jakobsen. Foto: Jonas Bertelsen Enge

Scena er ein ventil for vokalist Ida Charlotte Bratteberg Jakobsen. Foto: Jonas Bertelsen Enge

Ventilen vart øvingslokalet, og scena, og publikum, som til og med iblant kan få litt kjeft, om dei fortener det. Etter ein periode med ein annan bassist, så kom Alexander inn og tok over basstrengane.

– Eg er lite kresen på merke, berre nøgd så lenge det lagar lyd, seier Alexander.

At mik’ane på bassen hans er «sjukt øydelagde og støyer mykje» har sant å seie ikkje så mykje å seie når dei står på scena. For når Intetskjønn set i gang, så er det uansett ein del andre ting som lagar støy samtidig.

«Jävlig forbannad, hardcore som fan»

Alexander skildrar musikken som støyete, hardcore punk.

Ragnhild forklarer nærmare:

– Det går som regel i høgt tempo. Vi har mange korte låtar. Litt bråkete, men og nokre melodiske ting. Vokalen er ofte litt meir skriking og roping enn synging.

Ida fortel at ein svensk Youtubepønkar sa følgande om dei på kanalen sin:

– «Dom är javlig forbannad, hardcore som fan».

– Men eg håpar at det skin igjennom at vi òg er litt snille, seier Ragnhild.

“Dom är javlig forbannad, hardcore som fan”, sa ein svensk Youtubar om Intetskjønn. f.v. Alexander Didriksen, Ida Charlotte Bratteberg Jakobsen, og Ragnhild Nelvik Bruseth. Foto: Beate Haugtrø

«Dom är javlig forbannad, hardcore som fan», sa ein svensk Youtubar om Intetskjønn. F.v. Alexander Didriksen, Ida Charlotte Bratteberg Jakobsen, og Ragnhild Nelvik Bruseth. Foto: Beate Haugtrø

– For mange høyrest det ut som tull og tøys. Men låtane er faktisk baserte på ting vi synst er irriterande. Som at folk fokuserer mykje på kjønnsorgan rundt omkring. Om ein går på do, så er folk opptatte av kva do ein vel, seier Ida.

– Eg oppfattar meg som kvinne, men ettersom eg ikkje går inn under kjønsstereotypien kvinne blir eg ofte bedt om å gå på ein annan do.

Det er sånne ting ho er lei av og vil blåse ut. Det handlar mykje om kor mykje samfunnet fokuserer på kjønn, og at folk snakkar annleis til deg når du ikkje høyrer heime i ein heteronormativ stereotypi. Framtida.no får fleire tekstanalyser.

Analyse av «Kuk og fitte» og «Saxegalaxe»

– I den minimalistiske låta «Kuk og fitte», spør vi kva det er som feilar folk. «Kuk og fitte» handlar om at fokuset på kjønn er så sterkt at det skaper store problem i kvardagen til folk. Samfunnet deler inn i to kjønn. Det går mykje igjen i låtane.

Ida kallar låta for den minimalistiske sjuordsteksten. Men når Ragnhild tel nøye etter, så består teksten av 11 ord til saman.

Intetskjønn på scena. Foto: Jonas Bertelsen Enge

Intetskjønn på scena. Foto: Jonas Bertelsen Enge

I «Saxegalaxse» handlar det om å ikkje høyre til i heteronormativen.

– Sex mellom kvinner har lågare seksuell status. Når to kvinner har sex, føler ein del menn at det kvinnene eigentleg treng er at det kjem ein pikk. Så ein skjønnar koss det eigentleg skal gjerast, seier Ida.

– Nokre trur ein er lesbisk fordi ein ikkje har fått ein god nok pikk.

– Det er LOL, fordi kvinner som har sex ragar høgare på orgasmestatistikken, seier Ragnhild.

– Vil vere ein person, ikkje ein vandrande identitet

Ida og Ragnhild fortel at fordi dei ikkje fell inn under normen heteroseksuell, så bruker folk dei som «vandrande leksikon». Dei opplever å få spørsmål frå framande som heterofile aldri blir spurt.

– Folk har lågare terskel for å komme med spørsmål om kropp og identitet rett ut. Dei har lite respekt for privatlivet til framande menneske.

– Men sjølv om ein er lesbisk, så kan ein ikkje gå rundt og vere eit vandrande pedagogisk verktøy, seier Ida.

– Ein vil jo berre vere ein person og ikkje ein vandrande identitet.

Alexander stadfestar at han sjølv aldri har opplevd å bli stilt spørsmål om sin seksualitet av tilfeldige folk.

Intetskjønn bles ut på scena. Dei håpar publikum skjønner at dei er snille folk. Foto: Beate Haugtrø

Intetskjønn bles ut på scena. Dei håpar publikum skjønner at dei er snille folk. Foto: Beate Haugtrø

Så, sjølv om tekstane er minimalistiske og korte, og uttrykket verkar enkelt, så har det eit alvor. #MeToo-kampanjen har òg gjort inntrykk.

– Det ar ein er ganske utsett for seksuell trakassering og overgrep som kvinne er ein jævlig trist ting. Den eine låta handlar om uønska seksuell merksemd. Om koss folk tek seg til rette med andre folk sine kroppar er eit forferdelig samfunnsproblem.

Begge jentene i bandet fortel at dei har opplevingar med å bli trakasserte.

– Positivt for Bylarm at vi skal spele

No skal dei spele på Bylarm. Bandet er opptekne av at musikkbransjen òg har ein del å ta tak i når det gjeld #MeToo-kampanjen, sjølv om det har betra seg. Ida meiner at Intetskjønn med sitt bodskap er eit bra innslag for festivalen.

– Det er positivt for den bransjen at vi skal spele der, fordi det er ein bransje som sjølv slit med sextrakassering. Folk i maktposisjonar utnyttar posisjonen sin. Så det er bra for Bylarm at vi er der, seier ho.

– Og så er det hyggeleg at dei vil ha oss med, supplerer Alexander.

Intetskjønn speler på Bylarm Revolver torsdag 1. mars kl. 19 og på Mono lørdag 4. mars kl. 22.

Dei skal òg spele på sleppfest for magasinet Fett på Østre i Bergen den 7. mars, på AKKS si markering av kvinnedagen i Trondheim 8. mars, og på Bolløfestivalen på MIR i Oslo 10. mars.

Me åtvarar mot sterke scenar og mykje blod i videoen «Mensen»: