Ulrikke Falch trekkjer seg frå bloggkåring

Skodespelar og aktivist Ulrikke Falch (21) har valt å trekkja seg som finalist i kategorien Årets Gullpenn i prisutdelinga Vixen Influencer Awards.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ulrikke har fått mykje merksemd for å prata ope om feminisme, kroppspress og korleis det er å vera kvinne i dagens samfunn.

I kronikken «Bloggpris – nei takk!» kritiserer Ulrikke fleire bloggarar som er nominert i prisutdelinga, og dessutan kjem ho med eit stikk til sjølve arrangementet.

– Fleire som er nominert i Vixen Blog Awards fremjar eit usunt fokus på utsjånad, eit ekstremt forbruk og halvt gjennomtenkte bodskap om psykisk helse og plastisk kirurgi. Det er ikkje beundringsverdig, skriv ho.

21-åringen meiner sterke stemmer med viktige meiningar og motivasjon til å forandra verda blir heilt oversett av prisutdelinga.

– Eg trekkjer meg frå finale-nominasjonen til Vixen Influencer Awards. Eg treng ikkje ein pris for å vita at det eg gjer er viktig, skriv Ulrikke.

Ulrikke Falch er kjent frå suksess-serien Skam, og har tidlegare blitt nominert til Jenteprisen.

LES OGSÅ: Ulrikke Falch-stunt får global merksemd

LES OGSÅ: Ulrikke Falch: – Eg har liksom peaka i popularitet