Valnemnda i Noregs Mållag har no levert si innstilling til nytt styre. Magne Aasbrenn har takka ja til to nye år som leiar. Nestleiar Jens Kihl har også takka ja til attval.

Magne Aasbrenn har vore leiar i Noregs Mållag sidan 2016. Han bur i Fredrikstad, er utdanna norsklektor og har arbeidd i vidaregåande skule.

Framlegg om to nye styremedlemmar

Valnemnda har framlegg om to nye styremedlemmar: Mariann Schjeide og Helene Urdland Karlsen. Mariann Schjeide (53) er leiar for Norsk Bibliotekforening, kjem frå Skjodje og bur delvis i Oslo, og Helene Urdland Karlsen (32) er forlagsredaktør hjå Cappelen Damm, kjem frå Voss og bur i Oslo.

Jens Kihl tek attval som nestleiar i Noregs Mållag. Han er politisk journalist i Klassekampen.             Foto: Noregs Mållag

Nestleiar Jens Kihl (32), journalist i Klassekampen og frå Oslo, tek attval. Det gjer også styremedlem Peder Lofnes Hauge (29) som er politisk rådgjevar for Venstre for sosialbyråden i Bergen. Han kjem frå Gloppen og bur i Bergen. Styremedlem Inger Johanne Sæterbakk (37) er kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, kjem frå Orkdal og bur i Oslo.

Vert valt på landsmøtet til Noregs Mållag

Framlegg til ny 1. vara er Marianne Granheim Trøyflat (37) som er lektor ved Valdres vgs, ny 2. vara er Anders Riise (48) som er ordførar for Høgre i Hareid kommune. 3. vara Birgitta Lim Ersland (29) som arbeider for den sørkoreanske ambassadøren ved Republikken Koreas ambassade i Oslo tek attval og 4. vara Øyvind Fenne (67), tidlegare lærar i vidaregåande skule, tek attval.

Styret vert valt på landsmøtet til Noregs Mållag i Vinje 12.-15. april

Oppdatert: onsdag 14. mars 2018 09.39

Kommentarar

ANNONSE