SSB: Menn i Noreg nærmar seg kvinners levealder
Dei siste 30 åra er forskjellen på menn og kvinners levealder halvert i Noreg. Forventa levealder var i 2017 84,3 år for kvinner og 80,9 år for menn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Auken i forventa levealder ved fødsel frå året før var på 0,11 år for kvinner og 0,30 år for menn, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Forventa levealder er talet på år ein nyfødd er forventa å leve slik forholda er i dag.
Forskjellen mellom kjønna har minka jamt og trutt med litt over eitt år per tiår sidan 1987. For 30 år sidan var forskjellen på 6,8 år, mens den i fjor var 3,4 år.
- Les også: Kva skjer med kroppen etter at vi døyr?
Gjennomsnittsalder 82,2 år for kvinner og 76,5 år for menn
Forskjellen i attståande levealder mellom kjønna krympar jo høgare årsklassar ein når. Fram til fylte 40 år er forskjellen over tre år, men har falle til to år for 70-åringar og under eitt år når 85 år er nådd.
Forventa levealder ved fødsel er bestemt av døyingstala ved alle aldrar, men tidlege dødsfall har størst betyding.
Spedbarnsdøyingstala, altså barn som døyr før dei har fylt eitt år, var lik for gutar og jenter i fjor. Blant dei 40.774 personane som døydde i fjor, var det 63 jenter og 67 gutar som ikkje var fylt eitt år.
I 2017 var gjennomsnittsalderen ved død 82,2 år for kvinner og 76,5 år for menn.
- Les også: Her lever dei lengst i landet