Uidentifisert gjenstand frå anna solsystem har ikkje intelligent liv

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

19. oktober 2017 vart «Oumuamua» først oppdaga. Det er første gong noko frå et anna solsystem har vorte observert i solsystemet vårt.

«Det er godt å sjå data straume inn frå observasjonar av denne nye og interessante kjelda. Vi er spente over å sjå kva fleire observasjonar og analysar kan avdekkje», sa Andrew Siemion, leiar for Berkeley SETI (Search for ExtraTerrestrial Intelligence) Research Center.

Breakthrough Initiative gjer det klart at dei ikkje har klart å finne teikn på intelligent liv på gjenstanden, men presiserer at dei er langt frå ferdige med å analysere dataa dei har samla inn frå grundig observering med kraftige radioteleskop.

Dette er ein tidlegare presentasjon av “asteroiden”. Video: NASA.

LES OGSÅ: For å finne romvesen må vi tenkje på liv slik vi ikkje kjenner det

 

Breakthrough Initiative

er ei gruppe med ulike program som leitar etter liv i universet. Russiske Yuri Milner og engelske Stephen Hawking er av dei meir sentrale støttespelarane. Initiativet jobbar for global offentleg debatt om dette temaet.