Måtte mangfaldet vinne


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den unge samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali (20) har valt å trekke seg frå 8. marsmarkeringa i Bergen på grunn av hets og hat. Det er veldig trist, men det finst nok av aviser som har informert oss om det. I lys av denne hendinga vil eg heller sette fokus på to ting:

1. Kven er Sumaya Jirde Ali som menneske og debattant? Kva er det ho kjempar for og er opptatt av?

2. Kva kan vi lære av at ho måtte trekke seg på grunn av hets?

Eg skal ærleg innrømme at eg dessverre ikkje hadde høyrt om Sumaya før dette skjedde. Så eg prøvde å lese meg opp på den 20 år gamle Bodøværingen og debattanten, og vart mektig imponert.

Ekstremt modig og viktig stemme

Som 19-åring gav ho ut ei bok, og i desember vart ho kåra til årets Bodøværing av avisa Bodø Nu. Som om ikkje det er nok vann hos Zola-prisen i januar, ein prestisjepris som blei stifta for å fremme sivilt mot og som kvart år utdelast «personar som ope og uredd har avdekka eller motarbeida forhold som truar menneskeverd, demokrati og rettssikkerheit i Noreg.»

Toppen av kransekaka er at ho i februar vart kåra til Årets stemme hos Natt&Dag. Dette mellom anna fordi ho er ein ekstremt modig og utrøytteleg debattant som har blitt ei svært viktig stemmene i norske aviser.

Det er særleg eitt innlegg Sumaya har skrive som inspirerte meg veldig. I Si-innlegget «Muslim på dine premisser? Aldri» hos Aftenposten skriv ho til dei som enten seier at ho må vere ein lydig muslim, eller eit «stakkarsleg offer» i det norske samfunn:

«Jeg er ikke ditt sosialt oppkonstruerte fenomen. Jeg er meg selv. Jeg gjør meg ikke til for noen, og jeg lever kun for meg selv.»

Nettopp dette trur eg det er veldig viktig for oss som ikkje er muslimar, eller innvandrarar, eller jenter, eller mørkhuda, eller unge: Alle individ er nettopp individ. Dei representerer ikkje ei gruppe, dei representerer seg sjølve.

Urettferdig

Det er urettferdig at Sumaya skal måtte bere alt det andre muslimar eller mørkhuda menneske har gjort – så tenk deg nøye om før du assosierer ho meir med ei gruppe enn med seg sjølv.

tenk deg nøye om før du uttaler deg om korleis det er å vere svart, kvinne og muslim, om du ikkje er det sjølv.

Og tenk deg nøye om før du uttaler deg om korleis det er å vere svart, kvinne og muslim, om du ikkje er det sjølv. Merkeleg at menneske som ikkje er noko av dette, har så sterke oppfatningar om korleis det er.

Om du verkeleg er nysgjerrig på dette, så foreslår eg at du får deg fleire venner som er kvinner, muslimar eller med innvandrarbakgrunn. Dette gir deg sikkert større innsikt, men det gir deg framleis ingen rett til å synse om korleis det er.

Ikkje fastlåst eller kompromisslaus

Sumaya ynskjer også å gjere oss oppmerksame på at islam er ein dynamisk religion som kan tolkast forskjellig av ulike menneske. Til folk som angrip ho med sterke utsegn frå Koranen har ho ein reflektert beskjed å komme med:

«Jeg er ikke forpliktet til å følge eller like alle reglene/normene i min egen religion. Jeg er ikke et fastlåst eller kompromissløst individ. Jeg er reflektert og glad i middelveier, og jeg ser alltid ting i sammenheng med vår samtid, slik som Koranen legger opp til.»

Lykke til med å utvide både tankegangen og vennekretsen, folkens! Måtte mangfaldet vinne.

Les intervjuet Framtida.no hadde med Sumaya Jirde Ali i fjor vår: – Difor brukar eg hijab!