Stadig fleire melder hatkriminalitet til politiet

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tala kjem fram i ein ny rapport frå Politidirektoratet om hatkriminalitet.

– Politidirektoratet vurderer auken i talet på politimeldingar som positiv. Det ser ut til å ha samanheng med at fleire saker blir avdekte og registrerte, seier avdelingsdirektør Kristin O. Kvigne i politifagavdelinga i Politidirektoratet.

Hatkriminalitet er definert som lovbrot som har bakgrunn i negative haldningar til andre sin religion eller livssyn, hudfarge, nasjonale eller etniske opphav, legning eller nedsette funksjonsevne. Det kan dreie seg om vald, trugslar, skadeverk og andre typar lovbrot.

To tredelar av sakene som blei meldt til politiet i 2016, hadde med hudfarge eller etnisk opphav å gjere, 19 prosent hadde samanheng med religion eller livssyn og 12 prosent hadde med legning å gjere. 7 prosent av sakene gjaldt nedsett funksjonsevne.

(©NPK)