Sjølvsagt skal du følgja draumane dine!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 07.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Ikke følg drømmen din! Bare ikke gjør det.»

Det er sjølvaste direktøren i Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre, som skriv dette i eit mykje delt innlegg på Dagsavisen.

Aslak Sira Myhre trur samfunnet ville falle saman om alle skulle følgd draumane sine. Han grunngjev det med at knapt nokon drøymer om å køyra søppel eller å bli lærarar i ungdomsskulen.

Kva veit han om draumane til dei som gjer desse viktige jobbane? Les berre dette innlegget på ung.no : «Jeg er jente og vil bli søppeltømmer. Det er fordi jeg har hørt at man tjener godt, det er bra fysisk arbeid og man jobber tidlig om morgenen»

Tal frå Samordna Opptak viser òg ei heilt anna soge om dagens unge. Sidan 2005 har lærarutdanningane opplevd ein auke på 63 prosent i talet på førstevalssøkjarar.

Samla sett er det sjukepleiarstudiet som er mest populært. 70 prosent fleire har sjukepleie som sitt førsteval no i haust enn i 2005. Og lærestaden med flest førstevalssøkjarar til eit studium er Politihøgskulen. Eg tvilar på om draumane til alle desse studentane vil føra til samfunnskollaps.

No kan ein sjølvsagt seia at usikre økonomiske tider og aukande arbeidsløyse gjer at dagens unge vel meir jobbsikre utdanningar og framfor draumejobben. Men i dagens fritidssamfunn er det ikkje alle som set jobben som den viktigaste draumen. Nesten halvparten av oss vil heller ha meir fri enn høgare løn. Ein heilt vanleg jobb kan vera med på å sikra draumefritida eller draumehuset.

Nedvurdering av kulturarbeid
Aslak Sira Myhre meiner det allereie er meir enn nok av folk i dette landet som går på dans og drama for å bli skodespelarar, musikarar eller kunstnarar.

Er det ikkje litt underleg at direktøren for ein av våre nasjonale kulturinstitusjonar nedvurderer kulturarbeid på denne måten?

Han kan trøysta seg med tala frå Samordna Opptak som viser at 35 prosent færre har estetiske fag som førsteprioritet i 2016 samanlikna med 2005. Innan mediefag er nedgangen endå eit par prosentpoeng større.

Å gjera noko nyttig er òg ein draum
«Om du skal snakke med ungene dine om hva de skal gjøre med livet sitt, foreslå at de skal gjøre noe nyttig. Noe som er bra for andre enn dem selv. Noe samfunnet trenger» skriv Aslak Sira Myhre.

Men ungdom er allereie oppteken av kva samfunnet treng framover.

Ei undersøking frå TNS Gallup i 2012 viser at éin av fire ungdommar ønskjer å jobba med fornybar energi. Sidan den gong har talet på søkjarar til grøne utdanningar gått opp, i takt med at færre søkjer seg til utdanningar innan olja.

Eg trur dei fleste av dagens ungdommar har lyst til å gjera noko nyttig. Noko som er bra for andre menneske, ja, for heile verda. Å gjera noko som samfunnet treng, er faktisk den draumen mange unge ber på.

Så ungdom, berre held fram med å følgja draumane dykkar!