Om å reise seg sjølv spennande

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helgerud trekkjer linjer frå reisesnobbane på 1800-talet til dagens selfie-turistar. Han prøver finne svar på kva som har vore motivasjonen bak turane våre gjennom tidene. Kva får nokon til å unngå turistfeller for ein kvar pris, medan andre gjerne står timevis i kø på Trolltunga for å ta eit bilete av seg sjølv i unik natur?

Journalist og idehistorikar Magnus Helgerud tek oss med på ei filosofisk reise inn i turismehistoria i den første boka si "Si meg hvor du reiser, og jeg skal si deg hvem du er" Foto: Kari Hamre / NPK

Journalist og idehistorikar Magnus Helgerud tek oss med på ei filosofisk reise inn i turismehistoria i den første boka si “Si meg hvor du reiser, og jeg skal si deg hvem du er”
Foto: Kari Hamre / NPK

Helgerud gir også plass til betraktningar rundt miljøproblema som all turisme fører med seg. Alle vil ha rein natur og autentiske landskap, men er det foreinleg med all reiseaktiviteten på kloden?

Ordet ferie kjem frå det latinske feriae, som betyr ein dag ein ikkje driv handel. Altså ein dag då ein gjer noko anna enn det ein gjer til vanleg. Å feriere er med andre ord å komme unna kvardagen–og då pakkar vi ofte kofferten og drar ut i verda for å sjå, smake, lukte, høyre, tenkje og føle noko anna enn vi gjer til dagleg.

Statussymbol

Vi kan spore tilbake til 1800-talet at opplevingsreiser har vore knytt til status. Å oppleve noko spesielt gjer deg til ein spennande person. Reiseopplevingar blir for mange noko ein kan smykke seg med. Det er denne drivkrafta som har ført folk til stadig nye destinasjonar.

For nokre er det ikkje spesielt imponerande å reise til ein stad “alle” har vore før, då må det i tilfelle vere for å oppleve noko spesielt bak turistkulissane–jakte på urørt natur og det autentiske, leve som lokalbefolkninga eller gjere noko “vilt”.

Nokre må leve som lokalbefolkninga. Foto: ~zipporah~/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Nokre må leve som lokalbefolkninga. Foto: ~zipporah~/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

– Reisa er blitt ei slags forbruksvare som skal prøve å seie noko om kven ein er. Gjennom framveksten av sosiale medium er det blitt tydeleg at mange brukar ferieopplevingar som ein identitetsmarkør. Viss du viser bilete av deg sjølv på veg til Kilimanjaro eller på ein bortgøymd fortauskafé i Roma der lokale drikk kaffien sin ønskjer du å formidle at “sjå eg er ein spennande person som opplever ting”.

Men dette er eigentleg ikkje noko nytt. I romantikken dreiv reisande også med dette. Den engelske poeten Lord Byron var til dømes svært oppteken av å sende brev heim til venner og kjende for å fortelje om spennande ting han opplevde i Italia. Særleg at han hadde funne eit meir “ekte” Italia enn dei “vanlege” turistane, fortel Magnus Helgerud.

Klimaproblemet

Når ein skal snakke om reisevanar kjem ein ikkje unna å snakke om miljøet, meiner Helgerud. Ingen menneskeleg aktivitet bidreg i større grad til store CO2-utslepp enn flyreiser.

– Det ser derimot ut til å vere eit ikkje-tema blant reisande og har ingen nemneverdig effekt på reisevanane våre. Sjølv om vi snakkar veldig mykje om klima, flyr vi stadig meir og lenger. Det er eit paradoks, seier Helgerud. Men han vil ikkje at vi skal slutte å dra på ferie.

– Ingen er tent med at turistindustrien blir lagt ned. Turismen har store sosioøkonomiske ringverknader, og industrien kan vere bra for alle viss han vert kanalisert på ein berekraftig måte. Men klimatematikken er den store gordiske knuten for turismen, og det pågåande hykleriet vil ikkje hjelpe oss med å løyse opp i dette.

Ein treng ikkje reise til fjerne himmelstrøk for å reise bort frå kvardagen og stresset heime. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Ein treng ikkje reise til fjerne himmelstrøk for å reise bort frå kvardagen og stresset heime.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

For når tørken har sett inn, skogbrannar herjar, jordbruket er øydelagt og havet er forsura grunna alle flyreisene våre, då reiser sjølvsagt turistane vidare–med fly–til ein mindre øydelagt destinasjon. Lokalbefolkninga sitt att med eit øydelagt miljø, seier Helgerud.

Kortreist eller sakte

Reiser gjer oss rikare på opplevingar, men avstanden er ikkje avgjerande, synest Magnus Helgerud. Han meiner vi kanskje burde endre haldninga til reiseaktiviteten vår. Ein treng nemleg ikkje reise til fjerne himmelstrøk for å reise bort frå kvardagen og stresset heime. Det handlar om å ta på reisebrillene og løfte blikket i sitt eige nærmiljø.

Å sjå soloppgang frå soveposen på toppen av eit fjell i Noreg kan vere ei eksotisk og relativt kortreist oppleving. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Å sjå soloppgang frå soveposen på toppen av eit fjell i Noreg kan vere ei eksotisk og relativt kortreist oppleving.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

– Lengselen etter å oppleve noko nytt kan du til ei viss grad få bukt med ved å reise litt kortare. Ein av dei viktigaste endringane vi kan gjere, er å byrje med kortreiste reiser – reiser i eige land og i nærleiken av heimstaden vår.

Undersøk krikar og krokar i ditt eige land med det same betraktande blikket som du har med deg i bagasjen til Berlin og Barcelona. Eller reis sakte: Dra med tog og la vegen bli ein del av målet. Då blir reisedestinasjonen som eit lova land i det fjerne. Kjensla av å komme fram er det noko eige ved etter ei togreise, meiner Helgerud, og legg til:

– Å sjå heimfylket frå eit nytt utkikkspunkt eller reise sakte med tog kan by på nye perspektiv. Til sist er det i dette at den utbytterike kvaliteten på reisa ligg, seier Magnus Helgerud.