Forsking slår fast: Naturen kurerer stress

22 studiar i rapporten «Viden om friluftslivs effekter på sundhed» konkluderer med at å opphalde seg i grøne omgivnader reduserer stressnivået.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At naturen kan ha lækjande effekt på stress og bekymrande tankar, er nok noko veldig mange har kjent på kroppen. Det er ikkje utan grunn at mange av dei eg møter, anten dei er stortingspolitikarar eller skuleungdom, fortel at dei opplever at dei må ut i naturen for å «lade batteria», seier Lasse Heimdal, generalsekretær i organisasjonen Norsk Friluftsliv, i eit nyheitsbrev.

Forskingsrapporten er basert på 489 individuelle studiar om friluftsliv og helse. I tillegg til dokumentasjonen på effektane mot stress, viser rapporten også til ei rekke andre positive helseeffektar av det å drive med friluftsliv.

Til dømes slår rapporten fast at krevjande ekspedisjonar og leirbaserte opphald i naturen i samband med ulike behandlingsopplegg, kan ha positiv innverknad på psykisk og sosial utvikling hjå dei som deltar. (©NPK)