Jærrådet ber regjeringa gjera om pelsdyr-vedtak

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 26.02.2018 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fortel Jærbladet etter at saka blei drøfta på møtet i Jærrådet fredag.

Under ordskiftet kom det fram fleire argument om kvifor pelsdyrnæringa bør få halda fram.

Rådmann i Hå, Anne Berit Berge Ims, viste til at pelsdyr er ei viktig næring på Jæren og at det får mange ringverknader dersom næringa må avviklast. Ho peikte samtidig på at dei fleste gardane som driv med pelsdyr er små, og at det ikkje er å så enkelt å leggja om til andre typar produksjon som mange hevdar.

– Kan ikkje forby alt me ikkje likar

Hå-rådmannen etterlyste også ein pelsdyrdebatt som baserer seg meir på fakta enn på følelsar.

Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) tok òg til orde for ei anna tilnærming i debatten.

– Sjølv om ein ikkje likar delar av næringa, kan me ikkje forby alt me ikkje likar. Me må ha meir søkjelys på dyrevelferd og luka ut dei som ikkje er seriøse, sa Wirak, ifylgje Jærbladet under debatten.

Dei fem kommunane som er med i Jærrådet er Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes.