Over 100 metoo-saker i akademia

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 19.02.2018 13:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tillegg til desse sakene kjem fleire uavklarte varslar frå studentar, skriv Khrono , som har ringt rundt til 21 universitet og høgskular. Opplysningane tidsskriftet har henta inn gjeld både nye og gamle saker, men nesten ingen av dei var offentleg kjent eller omtalt tidlegare.

Universiteta i Tromsø, Bergen og Oslo i tillegg til NTNU har flest saker, mens NMBU på Ås og Høgskulen i Volda er dei einaste lærestadene som ikkje har registrert nokon saker.

Leiar Mats J. Beldo i Norsk studentorganisasjon (NSO) synest det er interessant å sjå skilnaden på dei rapporterte tala no og i to undersøkingar gjennomført før metoo-kampanjen starta sist haust.

– Undersøkinga vår viste at 30.000 studentar har opplevd uønskt seksuell merksemd frå ein student eller tilsett, seier Beldo, som meiner mørketala er enorme.

Universitet i Tromsø opplyste i november at dei ikkje kjende til nokon saker om seksuell trakassering. Dei siste dagane er det komme inn fire formelle varslar, tre frå studentar som seier dei har blitt utsett for seksuell trakassering frå ein tilsett, mens det fjerde tilfellet er mellom to studentar. Studentombodet ved universitetet fekk i fjor inn 22 saker- (©NPK)