Høgskulen på Vestlandet ønskjer framleis universitetsstatus

Rektor for Høgskulen på Vestlandet (HVL), Berit Rokne, meiner det er viktig at høgskulen etter kvart får status som universitet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 21.02.2018 09:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ønskjer framleis nytt universitet i vest

– Ein blir ikkje automatisk betre om ein får universitetsstatus. Men det er ein heil del dører som opnar seg, og det gjev oss ein heilt annan autonomi. Dessutan var søknad om å verta eit universitet ein føresetnad for fusjonen mellom dei fire tidlegare høgskulane, sa Rokne då åtte stortingspolitikarar var på besøk på HVL på Stord, fortel bladet Sunnhordland.

Berit Rokne er rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Jan Kåre Wilhelmsen/UiB

Stortingspolitikarane fekk mellom anna høyra at HVL har søkt om to nye doktorgradsprogram. Det er ei bevisst satsing for å nå målet om å bli universitet. Frå før har HVL to doktorgradsprogram.

– Det er visse kriterium for å verta eit universitet, og nye doktorgradar er ein del av desse, seier Rokne til avisa.

Ho seier samtidig at det frå neste år kjem nye kriterium og at det truleg ikkje er aktuelt å søkja om universitetsstatus før i 2023.

Høgskulen på Vestlandet er ei samanslåing av Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund. (©NPK)