KrF krev omkamp om fjorddeponi i Førdefjorden

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I desember vart det kjent at Nordic Minings gruveprosjekt i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane berre vil føre til 110 arbeidsplassar og ikkje 170, som tidlegare antatt. I tillegg skal gruvedrifta vare i 29 år, ikkje 50 som først planlagt.

Nordic Mining har fått løyve til å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden, til sterke protestar frå ei rad miljøorganisasjonar. KrF, Venstre og SV stemte imot då saka vart behandla i Stortinget i 2015.

I Stortingets spørjetime onsdag peikte Tore Storehaug, miljø- og energipolitisk talsmann i KrF, på at dei endra føresetnadane må få følgjer for korleis ein handterer saka vidare. Gruveselskapet har enno ikkje fått alle løyve til drift.

Vil dette få nokon konsekvensar, spurde han klima- om miljøminister Vidar Helgesen (H). Men Helgesen seier førebels blankt nei til å trekkje tilbake utsleppsløyvet.

– Det er tatt høgde for uvisse, og nye opplysningar er ikkje av ein art som gjer at vi vil endre vårt syn, svarte Helgesen, som meiner det er lite sannsynleg at deponiet vil få konsekvensar for livet i fjorden.

Til NTB seier Storehaug at slaget framleis ikkje er heilt tapt.

– Det er framleis moglegheiter til å stanse dette. No har føresetnadane endra seg, og det må få følgjer, seier han.

Venstre har ei gyllen moglegheit i Jeløya-forhandlingane til å ta opp igjen denne saka, seier han.