Søknad på stillinga som prosjektleiar i Nordic Mining
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Hei!
Viser til utlyst stilling på finn.no som prosjektleiar i Nordic Mining.
Eg brenn for berekraftige gruver og tenkte med ein gong eg såg utlysninga at denne stillinga må eg jo berre søke på. Her kan eg få moglegheita til å gjere ein av dei verste forureiningsskandalane i nyare tid til ei av verdas mest miljøvennlege gruver.
Eg har vore svært interessert i Nordic Mining i fleire år og har følgt prosjektet sidan eg først var i Vevring i Naustdal i 2012. Allereie då såg eg dei store moglegheitene som ligg i dette prosjektet. Her ser eg potensialet for at gruveindustrien i Norge kan gå inn i ei ny tid, med stor utvikling og synergi.
I fleire år har eg vore engasjert i å få denne gruva til å bli betre. At eg blei arrestert for å stanse prøveboringar med sivil ulydnad i februar 2016 ser eg ikkje på som noko hinder for framtidig arbeid, men heller eit solid prov på kor mykje eg brenn for å gjere dette prosjektet berekraftig. Eg kan legge til at eg gjennom dette fekk nær kjennskap til korleis boremaskinene fungerer, og fekk nær kontakt med dei finske kontraktørane og kjennskap til dei tilsette i Nordic Rutile.
Visjonen min er at denne gruva blir den mest teknologisk avanserte gruva i verda. Hakker og spader slutta me med på 1800-talet. Det same må me gjere med avfallsdumping i fjordar, det er like utdatert som å grave gruver for hand. Me må hugse på at uti fjorden sym det sild og kval, og sjølv om fjellet inneheld mineral så må me også ta vare på verdiane i fjorden. Redusert utvinningstakt, tilbakefylling av avfall i gruve og alternativ bruk av restmassane til teglsteinar eller bygnigsmasse er stikkord.
Som prosjektleiar vil noko av det første eg gjer vere å levere tilbake utsleppsløyve til å dumpe over 250 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden, og gå i gang med å lage ein ny reguleringsplan utan deponi.
Eg er budd på å gjere ein stor jobb for å betre omdømmet til Nordic Mining, og kommunisere kjerneverdiane betre. Etter rapporten som blei lagt fram før jul viste at talet på arbeidsplassar blir redusert frå 170 til 110, og driftstida frå 50 til 29 år, er heilt klart omdømmet til prosjektet svekka. Prosjektet er i dag langt ifrå den “hjørnesteinsbedrifta med stor samfunnsnytte” som Nordic Mining skreiv om i Firda. Det er klart at her må me gjere ein 180 gradars omvending. Viss dette prosjektet skal vere eit løft for lokalbefolkninga må me la fjorden leve, lytte til lokale omsyn, og lage ei ny og moderne gruve utan deponi.
For å motivere resten av dei tilsette til å sjå potensialet i ei deponilaus gruve, ville noko av det første eg gjorde vere å dra på studietur til India, kor myndigheitene nå berre gir løyve til gruver med ein “zero waste”-visjon. Så ville eg dratt til Polen, for å sjå korleis gruveselskapa der handterer avfall når dei er pålagt å betale avgift per tonn avfall som blir deponert. Deretter er det mange andre land eg kunne tenke meg det var relevant å besøke. Norge er trass alt berre eitt av fem land i verda kor gruver får dumpe avfall i sjø, og me er det einaste landet som planlegg nye gruver med slik avfallshandteirng.
Håper dokker kan få tatt ein titt på denne søknaden sjølv om den kom etter fristen, eg ser fram til å forhåpentlegvis kunne få snakke meir på intervju. Eg kan starte når som helst!
Med beste helsing
Gaute Eiterjord
Leiar i Natur og Ungdom