Her er partileiarane arrestert av politiet
Åtte aksjonistar, mellom dei tre ungdomspartileiarar, er arresterte etter aksjonar mot gruvedeponi i Førdefjorden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Politiet gav aksjonistane ti minuttar på å fjerna seg. Me blei, skriv nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, Lage Nøst, i ei melding på Twitter like etter klokka 1730.
Då blei han og leiarane i Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom og fem andre aksjonistar køyrt vekk frå aksjonen på Engebøfjellet ved Førdefjorden.
Tidlegare i dag lenkja dei seg fast til anleggsmaskinene til Nordic Mining, i protest mot prøveboringar i Engebøfjellet. Fjellet er blant dei som har mest rutil i heile verda, eit råstoff til titan.
Over 30 bøtlagde
Til saman har over 30 aksjonistar blitt fjerna sidan sist veke, då Natur og Ungdom starta aksjonane.
Politiet i Sogn og Fjordane seier at dei gjer det som må til for at prøveboringane skal kunne gjennomførast.
– Eg meiner sivil ulydigheit må vera ei legitim aksjonsform som ein siste utveg når politikken heng etter, sa Lage Nøst til Framtida.no medan han venta på politiet tidlegare i dag, onsdag.
LES OGSÅ: Større bøter enn venta for aksjonistane
Nå er jeg arrestert. @sosialist og @NaturogUngdom fortsetter aksjonene til vi vinner. #LaFjordenLeve #JegLenkerMeg pic.twitter.com/5f7ZstIKGy
— Nicholas Wilkinson (@NickWilki) 10. februar 2016
FpU: – Strenge miljøkrav
Atle Simonsen, formann i FpU, skriv i eit lesarbrev på Framtida.no kvifor ikkje han aksjonerer mot gruveprosjektet ved Førdefjorden og viser mellom anna til at Miljødirektoratet har gjeve løyve til sjødeponi.
– Frp har vore positive til Engebøprosjektet i Førdefjorden. Sogn og Fjordane slit med å få ungdom til å etablera seg i fylket, fordi vi manglar arbeidsplassar. Engebøprosjektet betyr 300 nye industriarbeidsplassar i Sunnfjord, og 500 nasjonale arbeidsplassar. Konsesjonen har dei strengaste miljøkrava og overvakingskrava i verda, skriv han.
De to første er i bilen pic.twitter.com/gsgfH5WdrE
— Natur og Ungdom (@NaturogUngdom) 10. februar 2016