Rådgivaren gir deg tips til studieval

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 21.02.2018 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fristen for å søke seg til vidaregåande skule går ut 1. mars, og det er mykje å tenkje på. Vil du hjelpe andre, jobbe med noko kreativt eller er du best på analyse? Har du lyst på ein jobb som gir status og pengar, eller er du mest interessert i å jobbe med noko givande?

Per Erling Eriksen er rådgivar ved Storetveit ungdomsskule i Bergen, og har mange tips til ungdommar som er usikre på valet av studieveg fram mot karrieren. Han har fleire orienteringsforedrag, både for elevar og foreldre.

– Eg orienterer om det vidaregåande skulesystemet, utdanningsprogrammet, kompetansekrav og kva rettar elevane har. Nokre elevar må også flytte for å ta vidaregåande, og då gjeld ungdomsretten.

Ifølge Hordaland fylkeskommune betyr ungdomsretten at du har rett på tre års vidaregåande opplæring etter fullført ungdomsskule. Du har ungdomsrett i fylket ditt dersom du har folkeregistrert adresse i fylket når du søker.

– Ikkje alle har oversikt

På kontoret til Eriksen kjem elevar kvar veke for å snakke om vidare skuleval.

– Somme stiller spørsmål rundt skulane, mens andre kjem fordi dei ikkje aner kva dei skal velje. Derfor har eg eit program som analyserer preferansane, evnane og verdiane deira, som dermed blir sortert inn i typar.

Rådgivaren fortel at arbeidslivet ofte er organisert inn i slike typekodar. Testen finn ut kva eleven liker og er flink til.

– Mange får ei aha-oppleving, seier han.

– Har elevane dine oversikt over moglegheitene som finst?

– Ikkje så god oversikt som ein kanskje skulle tru. Det er viktig å styrke den kunnskapen dei har om kva moglegheiter som finst der ute.

Eriksen meiner at mange tar studiespesialiserande for å skyve valet framfor seg. Foto: Elise Løvereide

Jobbmarknaden endrar seg

Arbeidsmarknaden endrar seg kjapt, og mange jobbar som eksisterer i dag finst kanskje ikkje om få år. Derfor trur Eriksen at det er viktig å finne noko du liker å gjere, og kanskje også skaffe deg brei kompetanse.

– Det kan til dømes vere lurt med ein kombinasjon av studiespesialiserande og fagbrev. Det er det stadig fleire skular som tilbyr, seier Eriksen.

Det er nemleg slutt på det å få seg ein jobb og så bli der resten av livet. Dei fleste er berre innom ein jobb i få år, og mange yrke forsvinn i løpet av eit tiår.

– Mange av framtidas jobbar finst ikkje enno. Fleire av elevane her kjem til å etablere si eiga bedrift, og dette med digitalisering er enormt etterspurt.

Helse, bygg og lærarfag

Andre yrke igjen er ikkje like trua av robotar og automatisering. Det gjeld til dømes det aukande behovet for helsepersonell og lærarar, men også innanfor byggbransjen.

– Når vi går over til fornybar energi blir det moglegheiter her. I tillegg er det mykje som skjer i havbruksnæringa. Men min jobb er ikkje å fortelje elevane kva dei skal velje, men å gi dei god oversikt.

– Har enkelte urealistiske syn på kva dei vil bli?

– Nei, eg vil ikkje seie det. Eg hadde ein elev som sa han ville tene masse pengar, og derfor bli advokat. Då sa eg at han måtte ta tre år studiespesialiserande, fem år på universitetet og så to år som advokatfullmektig. Så det tar minst ti år før du begynner å tene pengar. Vel du yrkesfag, tener du pengar med ein gong.

Tradisjon for studiespesialiserande

I Hordaland er det tradisjon for å velje studiespesialiserande fag, og ved Storetveit skule vel omkring 70 prosent dette. Eriksen meiner at mange tar studiespesialiserande for å skyve valet framfor seg.

– Det finst mange «vandrarar» som tar studiespesialiserande og begynner å studere engelsk, så historie, så noko anna. Generelt treng vi fleire «meistrar» og færre «mastrar, altså fleire med yrkesfag og færre med mastergrad.

– Er det ein tendens til at rådgivarar meiner at skuleflinke elevar bør velje studiespesialiserande, og mindre skuleflinke bør velje yrkesfag?

– Det er heilt forferdeleg, men eg trur ikkje så mange rådgivarar seier dette no lenger. Vi treng friske hender med gode hovud. I fiskeribransjen, til dømes, der står dei jo med dress og slips. Alt går føre seg digitalt i dag.

– Elegante ordningar

Til slutt oppmodar Eriksen elevane om å sjekke det lokale og regionale tilbodet for kva dei kan velje. For valet er stort:

– I Fusa og i Knarvik kan du no gjennomføre ei TAF-ordning, der du tar fire år med kombinert fagbrev og studiekompetanse og med full løn. På Laksevåg kan du bli elektroingeniør og på teknologilinja på Sotra får du fordjuping i realfag. Det finst elegante ordningar der ute, om du er litt fleksibel.

Eriksens råd til deg som skal velja utdanning:

  • Tenk over kva som interesserer deg, kva som gir deg meining og kva du liker å gjere.
  • Kva motiverer deg for framtida di? Tenk gjennom om det er pengar og status, eller om du vil følge andre verdiar og preferansar.
  • Det er lurt å vere medviten på kva arbeidsmarknaden treng i framtida. Vil du velje trygt, kan du satse på helsesektoren, byggsektoren eller på digitalisering.
  • Ikkje ta studiespesialiserande berre for å utsetje yrkesval. Du kan få like ettterspurt kompetanse av å ta fagbrev og yrkesfag.
  • Ver litt modig og våg og ta sjansar.

Her finn du meir informasjon om korleis du søker deg inn på vidaregåande skule.