Det kinesiske dilemmaet

Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 21.03.2018 14:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eitt feil ord, og vi kan bli stengt ute av Kina. Skal vi teie?

«Vi er taiwanesarar,» seier ein mann vi intervjuar under ein reportasjetur til Taiwan. «Sjølv om resten av verda meiner vi er kinesiske. Kva meiner Noreg?»

Sjølv om passet vårt blei stempla med Taiwan då me landa på flyplassen i Taipei, meiner Noreg at vi er i Kina, Taiwan sin kommunistiske slektning. Det til trass for at Taiwan har 23 millionar innbyggjarar, eigen valuta, eige forsvar og eiga regjering.

Noreg og 171 andre land i verda tør ikkje å anerkjenne sjølvstendet til Taiwan. Gjer dei det, kan dei få store konsekvensar frå Kina, som ser på Taiwan som sin provins.

Sjølv om Kina veks og slår rot verda over, har vi tenkt at Kinas ideologi og verdiar ikkje har sjanse til slå an i eit land som Noreg. Vi kjem, til dømes, aldri til å tillate mediesensur.

Men det er ikkje så svart-kvitt. For sjølv når vi er i Taipei, ein by som ikkje er styrt av det kinesiske regimet, kjenner vi dei mektige kreftene frå Beijing luske i bakgrunnen. Dei står bak oss og observerer med falkeblikk, slik Trump stod bak Clinton under presidentdebattane.

Det er med ein liten klump i magen at vi skriv dette korrespondentbrevet

Medan vi ynskjer å levere god journalistikk, vil vi ikkje brenne bruer til Kina. Vi har begge brukt fleire år av våre liv til å studere den kinesiske kulturen og språket. Éin artikkel, og vi kan miste hovudkjelda til den kunnskapen.

Det er med ein liten klump i magen at vi skriv dette korrespondentbrevet. Vi stikk hovuda fram med meiningar som kan slå tilbake på oss ved eit seinare høve. Usensurert.

For alt vi veit er skipet allereie gått. Det er ikkje nytt at det kan vere utfordrande å få visum til Kina. I 2015 blei den franske journalisten Ursula Gauthier sparka ut av landet for å ha kritisert regjeringas handtering av etniske minoritetar. Også norske forskarar og journalistar blir nekta inngang til den asiatiske stormakta.

Men på eit tidspunkt i karrieren vår må vi ta eit standpunkt – jo før jo heller. Vi kan føye oss etter dei journalistiske verdiane vi jobbar med i Noreg, men miste moglegheitene til å reise tilbake til Kina og rapportere frå innsida. Eller vi kan spele etter dei kinesiske reglane, unngå å skrive sakar som regimet ikkje vil vi skal røre, og risikere vår journalistiske integritet.

Erna Solberg og 171 andre statsleiarar har valt å leggje seg flate. Skal vi?

Denne saka er ein del av prosjektet «Jordbær-republikken Taiwan», gjort i samarbeid med Universitas med støtte frå Fritt Ord. Les fleire saker frå prosjektet her