Sogndal: – Eg følte for å reisa for å møta fleire lærlingar og bli kjent folk utanfor jobben, få vita kva dei driv med, seier Håkon Andersen Hollevik, som har fått lærlingplass på Bilfinger i Årdal.
Tysdag var han og eit nittitals andre på Vesterland på Kaupanger for å få vita meir om livet som ferske lærlingar.
– Me har fått informasjon om rettane og pliktane våre, om kven me kan kontakta om me får problem, eller berre lurer på noko. Det har veldig nyttig, seier Amanda Mørkrid Bronnes, som er lærling i Farnes barnehage.
Fagarbeidarar er ettertrakta
Seks av ti norske bedrifter seier dei heller vil ha folk med fagbrev, enn masterutdanning, viser ei fersk undersøking frå NHO. Knut Grinde, rådgjevar ved opplæringsavdelinga til Sogn og Fjordane fylkeskommune, seier lærlingane er ettertrakta òg her i fylket.
– Bransjen ønskjer å utdanna reine fagarbarbeidar, så sjølv om det er viktig å informera om moglegheitene dei som vil har for å studera vidare, så må me vera forsiktige med å framstilla det som om det er noko dei må, seier han.
Rådgjevaren seier dei greier å skaffa lærlingplassar til dei aller fleste, berre i dei aller mest populære faga kan det vera litt vanskeleg.
– Du tener pengar óg, det er jo eit stort pluss
Sondre Herland Øren slutta på skulen før han var ferdig. Då han tok kontakt med Sogn opplæringskontor, var det likevel ei relativt smal sak å få ein fot innanfor i arbeidslivet.
– Dei greidde å sy saman noko, slik at eg fekk lærlingeplass. Så eg er storfornøgd, seier han.
Anders Lereng jobbar i salsavdelinga til Indre Sogn Sparebank og tykkjer livet som lærling er heilt topp.
– Du lærer alt, du får hjelp viss du spør og så tener du pengar òg, det er jo eit stort pluss, seier Lereng.
Heller ikkje Amanda Mørkrid Bonnes angrar på vegen ho har valt.
– Eg føler meg veldig heldig som har fått lærlingeplass og blitt introdusert til arbeidslivet på ein god måte. Eg har nokon som støttar og følger meg, slik at eg får lært det eg skal, til eg ein dag blir fagarbeidar, seier ho.