Framtida.no og Universitas skal til Taiwan ??

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.02.2018 12:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no og Universitas har fått pengestøtte frå Fritt Ord for å reise til Taiwan.

Journalist Ragnhild Sofie Selstø og fotograf Amanda O. Berg skal frå 20. januar vere eit par veker i Taipei for å jobbe med prosjektet om den sokalla jordbærgenerasjonen.

– Notidas unge i Taiwan blir ofte kalla jordbærgenerasjonen. Uttrykket spelar på at dei er tynnhuda og manglar politisk engasjement og styrke, seier Selstø.

– Men mykjer tyder på at det ikkje stemmer. Det er mange politiske ungdomsrørsler og utbrytarar. Det er desse historiene vi vil fortelje.

Prosjektet skulle eigentleg ha avreise til Kina hausten 2017, men på grunn av den politiske situasjonen og den aukande innskrenkinga av ytringsfridomen i landet, har dei ikkje fått visum.

– For å få journalistvisum til Kina må ein bli invitert av nokon som kan stå juridisk ansvarleg for oss under opphaldet. Det var det ingen som var villige til, eller hadde moglegheit å gjere, seier Berg og Selstø.

Både Selstø og Berg har studert kinesisk ved Universitet i Oslo, og har god kjennskap til språket og kulturen. Resultatet vil bli publisert hjå både Universitas og Framtida.no sine plattformar. Det vil også bli posta innlegg på sosiale medium under opphaldet og i tida fram til sakene blir publisert.

 

Fakta: Taiwan

  • Øystat i Austkinahavet, offisielt «Republikken Kina».
  • Grunnlagt i 1949 etter borgarkrigen på fastlandet.
  • 23.373.517 innbyggjarar fordelt på 36.179 km².
  • Kinesisk (mandarin) er offisielt språk.

(Kjelde: SNL)