Taiwan lagar TV-serie om kinesisk invasjon

Serieskaparen håpar «Zero Day» vil vekkje det taiwanske folket.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Førre månad kom traileren til serien «Zero Day». Den taiwanske fiksjonsserien handlar om korleis ein mogleg kinesisk invasjon kan sjå ut.

Militær blokade, panikk og kaos, fengselsopptøyar og hacka tv-nettverk med propaganda er nokre av konsekvensane serien teiknar opp.

Reaksjonar

CNN skriv at traileren, som har fått over ein million Youtube-avspelingar, har skapt reaksjonar på Taiwan. Opposisjonspolitikarar har skulda serien for å skape panikk, medan andre hyllar serien for å adressere noko dei lever med i kvardagen.

Det er den første serien på Taiwan som tar for seg ein mogleg kinesisk invasjon. Øya har levd med trugselen i fleire tiår, men spenninga er høgare enn på lenge på grunn av eit meir aggressivt Kina, skriv CNN.

Dei kinesiske styresmaktene meiner øya tilhøyrer Kina.

Storby i skumringa med mange høge bygningar og lys.

Folkerepublikken Kina held fast på at Taiwan er ein del av deira territorium og skal sameinast med dei. Men vil taiwanarar det og kan det bli ei fredeleg sameining, eller vil Kina ty til militærmakt? Biletet syner hovudstaden Taipei. Foto: Chensiyuan/Wikimedia Commons

Ein vekkjar

Serieskapar Hsin-mei Cheng var uroa for at folk på Taiwan hadde blitt nomne for faren om krig og konflikt med Kina. Cheng har inntrykk av at mange lever som om trugselen ikkje eksisterer. Ho håpar serien vil vere ein vekkjar.

Serien vil ikkje innehalde så mange blodige scenar og kampar. Mesteparten av handlinga er lagt til veka før Kina går til åtak.

– For meg har krigen allereie byrja på Taiwan. Han er ikkje kjempa med våpen og kanonar, men gjennom informasjon og infiltrasjon. Det gjennomsyrar kvardagen vår, seier serieskaparen ifølgje CNN.

«Zero Day» har blitt støtta av den taiwanske regjeringa og militæret, som har latt dei filme i lokala til presidenten og om bord eit krigsskip. Serieskaparen understrekar at dei har kunstnarisk fridom og at styresmaktene ikkje får blande seg i innhaldet i serien.