Store forskjellar: Tannlegestudentar bruker mest tid på studiane sine
Tannlegestudentane bruker over 23 timar meir i veka på studiane sine enn språkstudentar.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Desse studiane tar mest og minst tid
Odontologi-studentane bruker i snitt 49,3 timar i veka på å studera. Dei toppar lista over tidbruk i Studentbarometeret som blei lagt fram måndag morgon. På ein god andreplass kjem arkitekturstudentane med 48,8 timar i veka.
I snitt brukte studentane 34,9 timar på studiane sine i 2017. Det er 36 minuttar kortare tid enn studentane brukte i 2016. Éi vanleg arbeidsveke er 37,5 timar i veka.
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo er den institusjonen som toppar lista over tidsbruk blant studentane. Her bruker studentane i snitt 51,9 timar i veka på faglege aktivitetar. På botn finn me Ansgar Teologiske Høgskole der studentane i snitt bruker 27 timar i veka på å studera.
Studentane som bruker kortast tid på faglege aktivitetar er språk- og sosiologistudentar. Dei bruker høvesvis 26 og 26,3 timar i veka på å studera.
I snitt bruker studentane 7,8 timar i veka på betalt arbeid utanom studiane.
Desse bruker mest tid på studiane (timar):

Desse bruker minst tid på studiane (timar):
