Johannes går i fotspora til faren

Ungdom høyrer mest på foreldra når dei skal velja utdanning. For Johannes var det ei utplasseringsveke som tente eit lys.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Johannes og Jan Lamo stod på stand for kvar si bedrift under Utdanningsmessa på Stord sist veke.

Medan Jan har jobba som elektrikar i 32 år, er Johannes elektrikarlærling.

– Eg var på utplassering på elektrolinja mens eg gjekk i 9.klasse. Då blei det tent eit lys, fortel Johannes Lamo.

Ikkje press

Det har ikkje vore noko press heimefrå om utdanningsveg.

– Men pappa har jo snakka godt om elektrikaryrket, legg Johannes til.

Han byrja hos Haugaland kraft i haust. Der er dei 30 lærlingar. Kva han gjer etter læretida er han enno usikker på.

– Men eg kunne tenkt meg å bli pyroteknikar, kanskje.

Tilrår læretid

Jan Lamo er avdelingsleiar for dei 149 elektrikarane på Kværner Stord. I haust tok dei inn åtte lærlingar, og nye 6-8 lærlingar tar dei inn i haust.

Både Johannes (t.v.) og Jan Lamo tilrår læretid som elektrikar. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Eg vil anbefala at ungdom tar i mot tilbod om lærekontrakt, sjølv om det ikkje er førstevalet. Dei aller fleste med fagbrev får tilbod om jobb, seier han.

Ei fersk undersøking frå NHO viser at folk med fagbrev innan elektro-, industri- og byggfag er dei mest etterspurte blant bedriftene.

 

 

 

 

 

 

Kven påverkar mest?

  • 44 prosent av alle unge mellom 15-19 år svarar at foreldra er dei som påverkar utdannings- og yrkesvalet mest eller nest mest, ifølgje ei undersøking frå NHO utført i 2011.
  • Eigen eller andre si erfaring med yrket kjem på dei neste plassane.
  • Mellom 30 elevar som Framtida.no spurte på Utdanningsmessa, var det 11 som synest foreldra er viktigaste kjelde til informasjon om yrkesval. På dei neste plassane kjem rådgjevarar og lærarar.