Fajitas med kylling
Prøv fajitas med kylling heilt frå grunnen av!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Framgangsmåte
1. Skjer opp kyllingen i strimlar og kutt grønsakene i like strimlar.
2. Steik kyllingen i ei steikjepanne med smør eller olje. Når kyllingen har fått ein gyldenbrun farge tilset du grønsakene. Bland saman krydder og tilsett krydderblandinga.
3. Fyll varme lefser med kyllingen, grønsakene, guacamole, ost og rømme.
Tacokrydder
1. Bland saman dei ulike kryddera i ei lita skål.
Guacamole
1. Finhakk chili, kvitlauk og lauk.
2. Del avokadoen i to. Ta ut avokadosteinen og mos avokadoen med ein gaffel i ei skål. Tilset salt, pepar og resten av ingrediensane.