Ting du helst ikkje vil veta om bylivet


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Del 1

Ein treng ballar for å flytte til ein heilt ny plass. Ikkje berre skal du bu for deg sjølv, men du må klara deg utan mammaen din som lagar mat til deg og pappaen din som fiksar TV-en din om han ikkje verkar – du må klare deg sjølv.

Du må lage din eigen mat, vaske dine eigne klede og styre din eigen økonomi. Dopapir veks ikkje på tre og det vert heller ikkje utlevert gratis av kommunen. Det er ingen som dukkar opp på døra di med eit smil om munnen og gir deg ein pakke tørkepapir til bakenden din. Saltbøssa fyller ikkje seg sjølv, og nudlene tek ikkje springfart inn i skåpet ditt.

Det er rart å koma frå ein liten plass som Suldal for så å flytta til ein større plass som Stavanger. Misforstå meg rett – eg har vore i Stavanger før, men då var heile poenget med turen å svi bankkortet og sjå plastikkpengane fyka ut av den virtuelle bankkontoen min.

Det å faktisk bu her er rart. Det å pakka livet sitt ned i pappesker, koffertar og baggar er ein stor manøver. Dette medfører at du må stå der som ein forvirra apekatt og tenkja nøye over kva du eigentleg treng å ha med deg.

Eg tenkte aldri på at eg faktisk kunne hatt bruk for eit rivjern. Eller ein mopp. Men, eg fann jo ut av desse var faktisk nødvendige ting å ha. For både rivjernet og moppen står i barndomsheimen din automatisk, og du tenkjer ikkje over at det ikkje dukkar opp automatisk.

For det andre er det å pakka ut eit lite kaos i seg sjølv. Når ein flyttar for seg sjølv, vil ein jo at tinga skal stå akkurat slik ein vil ha det berre fordi ein kan bestemma slikt sjølv. Men kvar gjer du av alle dei tinga du trudde du trengte, som du eigentleg ikkje treng?

Og har du overpakka (som eg har gjort eit par gonger då eg gjekk på vidaregåande i Sauda), kvar gjer du av alt skrotet? Det området du faktisk har åtgang til vert plutseleg så mykje mindre. Skal det liggja igjen litt klede heime, eller skal eg ta med alt eg har?

Du har sikkert høyrt uttrykket «bonde i by’n». Eg føler meg litt slik. Alle gatene ser like ut, bussane er like, menneska har ikkje fjes. Eg går meg vill på dei snålaste plassane.

Seinast for ei veka sidan gjekk eg meg vill på veg til Kvadrat og inne på Kvadrat. Til slutt fekk eg streng beskjed i frå venene mine som eg skulle møta at eg berre fekk halda meg i ro. Når dei endeleg fant meg vurderte dei å kjøpa eit band å ha meg i. Det er ikkje fyrste gongen det har skjedd.

Eg har gått meg vill på parkeringsplassar, på togstasjonen, inne på store matbutikkar og liknande plassar. Kvifor skal alt vera så stort? Butikkane er jo nesten større enn den plassen eg kjem i frå. Eg klarer nesten ikkje å finna fram til kassen.

Det er som ein liten jungel – det er andre dyr i jungelen som kjempar om bananene og vatnet som kjem på flasker. Det heng lianar i form av skilt frå taket og dei største gorillane slår seg på brystet viss ungane deira lagar bråk.

Eg får angst av å gå inn på butikkar som liknar på ein jungel. Sjølv om eg berre skal ha nudlar eller snus. Derfor unngår eg å gå på butikken, og kvar gong kjærasten min kjem på besøk, så drar han meg med på butikken for å fylle opp kjøleskapet.

Eg får vondt i hovudet av så mykje folk, og kaldsvetten renn nedover panna mi når eg ikkje klarar å velgja pålegg ut frå dei tusen typane som er i hylla. Slik som ho dama i Jarlsberg-reklamen seier – gulost er gulost. Eg er einig. Eg tek med meg ein gulost, kjøper han og spring med angsten langt opp i halsen. Jarlsberg smakar drit uansett.

Det alt for mykje trafikk her. Som ein innbyggjar frå Øvre Suldal er du heldig om du ser ein bil på hovudvegen i løpet av dagen.

Her i Stavanger er det bilar overalt til ei kvar tid. Til og med midt på natta, når eg sit oppe og teiknar. Kva søren gjer bilane ute klokka fire på morgonen?

Eg veit at nokre går på jobb eller er ferdig på jobb, men rånebilar? Dei har heile dagen å råna på, kvifor skal dei gjera det midt på natta?

Eg føler dei fleste i Stavanger er hissige sjåførar som er sløve med blinklyset og harde på gassen. Er det rart det er så mange som døyr av for høgt blodtrykk og hjerteinfarkt? Ein kan jo få magesår av mindre.

Kva skjer eigentleg med alle gongfelta? Det er gongfelt der ein ikkje treng dei, og det er ikkje gongfelt der ein eigentleg treng dei. Dei irriterer meg – eg er nemleg van til å gå over vegen utan å sjå meg for. Utan å ta omsyn til om det kjem ein bil eller ikkje som stoppar for meg.

Eg har dessverre latt meg undetrykkja av trafikkreglane me har i samfunnet og har måtta bita i det jævleg sure eplet og måtte sluntra meg over vegen der vegvesenet vil at eg skal kryssa vegen.

Eg har alltid dårleg samvit for dei bilistane som må venta til eg har fått den feite hengestumpen min over til den andre sida.

Men det verste er viss det er trafikklys over gongfelta. Kvifor skal ein trykkja på ein knapp fordi ein vil koma seg over vegen? Kvifor skal alt vera så forbanna vanskeleg?

Eg får endå dårlegare samvit viss det er trafikklys over gongfeltet, for det tyder ofte på at eg må la fleire bilar venta om gongen. Noko som igjen kan føra til irritasjon, stress og plutseleg ligg eg i ein blodpøl i midten av vegen og Kolumbus brukar meg som fartshump.

Det som irriterer meg endå meir er strekningar med fleire trafikklys over gongfelta. Ikkje berre er sannsynet for at du vert påkøyrd større, men ei strekning som normalt tek fem minutt å gå, tek fort 10 minutt viss du er så heldig å få raud mann. Og pipinga gjev meg hovudverk og spesielt stressar det meg fordi eg veit at den grøne mannen vil koma seg vekk frå rampelyset så fort som mogleg.

Av og til skulle eg ynskja at eg hadde rullator slik at eg hadde ein unnskyldning for å gå treigt over gongfeltet. For viss ein ikkje småspring over gongfeltet og ein ikkje har rullator er sannsynet stort for at du vert tomatsaus av ein semi-trailer eller ein traktor frå Bryne.

Berre det å gå på butikken er eit makkverk – viss du er heldig må du gå forbi både tre og fire trafikklys for å koma til næraste matbutikk. Då vert ikkje valet vanskeleg – skal du unna deg sjølv mat eller skal du la trafikklysa vinna?

Eg skal heller ikkje byrja på å gå seg ein tur, for det inneber for mykje trafikk for min del, derfor lat eg berre vera å gå utforbi døra med mindre eg må. Derfor har eg verken ete mat på ei stund og går berre utanfor døra viss eg skal ha forelesing.

 

Fortsettelse følgjer…