Bondestudentar – For mykje


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Så kulden kom. Bitande, frysande, gustande, isande. Me knappa att kåpene, men vinden for rett gjennom. Me tok på oss tjukke labbar, men frys framleis på leggen. Me la lag på lag med ull, men kulden fann dei små, nakne flekkane. Nasen, øyreflippane.

Me kappast om kven som er mest sjukast no. Eg hostar og renn, medan du er meir på det tidlege influensastadiet. Det er uunngåeleg. Eg har aldri vore frisk gjennom heile oktober. Det er så store temperaturskilnader, så ein dag du verkeleg har klemt til med ullbrok, ullvest, ullabbar og eit par ulljakker, kan du vera heilt trygg på at det er sol. Desperat riv du av deg den ytste jakka og knepper opp vesten, men det er for seint – du sveittar. Så går du der, gjennomblaut av sveitte i oppbretta skjorte med vesten og jakkene under armen.

Då går soli ned. Men då er det ekkelt å ha på seg vesten att og klistre den blaute skjorta inntil ryggen. Så du går heim i den blaute skjorta. Og blir sjuk. Dagen etter gjer du det same. Blir sjukare. Dagen etter er det ikkje sol, men du må springe for å nå trikken, så effekten blir den same.

Ein annan karakteristisk oktobertendens er at når det blir kaldare ute, finn folk ut at dei må fyre inne. Meir enn vanleg. Ein må jo varme seg når ein kjem inn! Men det funkar ikkje sånn. Når kroppen får ei temperaturendring på 30 grader i løpet av eitt sekund, blir han ikkje varm. Han blir sveitt. Og sjuk. Eg blir iallfall.

Klokka er kvart på tre, det er på sitt myrkaste ute. Eg ser ut mot Kubaparken og oppdagar den kvite stripa på bakken, ropar på deg. «Sjå i lyset», seier du, peikar mot den store byggelampa som spreier gult lys, «det snør!». Visst snør det. «Du veit kva det betyr?» spør eg. «Kakao?» – «Kakao».