Eg er ein Unge Høgre-medlem som ønskjer ei raudgrøn regjering
Du trur kanskje at eg berre er med i feil parti som meiner dette, men la meg utdjupe, skriv Oscar Gangstad Westbye, medlem i Unge Høgre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta vart først publisert i Agenda Magasin og er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Eg har engasjert meg i ungdomspolitikken i tre år. Og ja, eg er mest samd med Unge Høgre – men eg ser nokre problem i lys av tida vi lever i.
Eg oppmodar deg som stemmer til å løfte blikket frå den evige ideologi-kampen og smådetaljane i dagsaktuelle saker. Ignorer støyen, og fokuser på dei store linjene. Målet mitt med innlegget er å skildre eit par av dei store spørsmåla.
Dei avgjerande grunnane for at eg vender meg mot mitt eige parti, er som følgjer: verdsfred, generell kunstig intelligens, og villeiande narrativ.
Verdsfred
Verda er i ein uroleg tilstand og spenninga aukar. Russland krigar i Ukraina og fører ein informasjonskrig mot Vesten. Kina veks fram i skuggane og følgjer sannsynlegvis Sun Tzu-mantraet om å «underkue fienden uten å kjempe». På toppen av det heile er den historiske vaktmeisteren til demokratiet, USA, i forfall.
Då er det i heile Noregs interesse å drive god utanrikspolitikk og samarbeide med allierte. Eit sterkt Europa er viktigare enn nokon gong.
Eg kan ikkje tenkje meg nokon betre skikka til dette enn trioen Jens Stoltenberg, Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide. Å halde fram det gode forholdet med USA vil vere viktig framover.
Eit regjeringsskifte kan bety at Noreg mistar desse nøkkelpersonane i ei tid der godt diplomati kanskje er det aller viktigaste for framtida til demokratiet.
Kunstig generell intelligens
Ein del ekspertar spår at kunstig generell intelligens (KGI) kan oppnåast så tidleg som i 2027. Det betyr at den neste regjeringa kanskje skal handtere den største revolusjonen i menneskeslektas historie. At dette blir såpass lite diskutert, er mildt sagt skremmande.
Dersom USA oppnår KGI er det nok ein god grunn for at diplomati er viktig for Noreg.
Korleis skal verda ta i bruk KGI? Eg, som normalt støttar ein marknadsøkonomi, er i denne samanhengen veldig bekymra for marknadskreftene.
Kva skjer viss ei handfull eigarar kan bruke KGI til å knuse all konkurranse, ruinere verdien til menneskeleg intelligens, og kontrollere verdsagendaen? Korleis reagerer regjeringa viss verdsøkonomien får 20 prosent årleg vekst, slik at forskjellen på gjeld og formue veks ti gonger meir per år?
Vil vi la marknaden utnytte KGI til å tene mest mogleg pengar for eigarane, eller vil vi bruke KGI til menneskeslektas beste på demokratisk vis?
Støyen om formuesskatt og tannlegerekninga er ubetydelege i forhold. I desse scenarioa er det i alle si interesse at staten tek ansvar for fellesskapen.
Villeiande narrativ
Eg opplever at enkelte narrativ i media inspirerer til ei villeiande samfunnsforståing og følgjande uklok politikk. «Velferdsstaten sløser» og «staten kveler entreprenørane», er døme.
Å ønskje ein mindre stat er eit legitimt standpunkt som eg kan stå inne for. Men å meine at oppgåvene staten løyser berre er sløsing, er rett og slett irrasjonelt.
Historikar Ola Innset skildrar i boka Kampen om verdiene at mange på høgresida byggjer ein del av samfunnsforståinga si på eit mystisk talent-narrativ: Det finst ein minoritet menneske i samfunnet som står for det meste av verdiskapinga. Denne gruppa er langt meir hardtarbeidande, risikovillige og kreative enn alle andre.
Derfor må politikken støtte desse «private aktørene» mest mogleg og privatisere mest mogleg. Berre slik kan velferdsstaten finansierast og gi «folk flest» velstand. Alle tener på dette, ifølgje sildringsteorien. Problemet er berre at sildringsteorien ikkje stemmer.
Det er fort gjort å oversjå detaljane om at «hardtarbeidande» folk ofte har vakse opp i dei rette miljøa på ein god skule med god helse, at «risikovilje» ofte handlar om tilgjengeleg kapital og at «kreativitet» ofte handlar om tilgang på informasjon i eksklusive sosiale krinsar. Den «private verdiskapinga» er ikkje like talentbasert eller rettferdig som vi trur.
Talent og KGI
Føresetnaden for ein marknadsøkonomi og talent-narrativet er at nettopp menneske innoverer og konkurrerer mot kvarandre; KGI fungerer ikkje på denne måten.
Kva skjer med samfunnet viss politikken er lite omfordelande og forma for næringslivet, med KGI inn i biletet?
Og korleis vil høgresida reagere dersom det talentbaserte røyndomsbiletet blir knust av KGI?
Regjeringa må jobbe for fellesskapen.
Vurderinga til ein prestisje-student
Er det best for samfunnet at politikarane tener denne mystiske minoriteten som «skaper alle verdiene?»
La meg svare, som ein ambisiøs mann som byrja å studere Industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU då eg var 17 år:
NEI.