Var du heilt deg sjølv i går?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg smiler sjølv om eg ikkje er glad. Eg lyttar til samtalar eg ikkje finn interessante. Eg et opp maten eg ikkje likar. Eg les tekstar eg synes er kjeisame. Eg er med på arrangement eg ikkje bryr eg så mykje om. Eg har prim på skiva sjølv om eg ikkje likar det spesielt godt. Likevel er eg meg sjølv. Det er i alle fall det eg trur. Eg har jo ingenting i mot å høyra på desse samtalane, eta denne maten eller lesa dei tekstane, sjølv om det kanskje ikkje ville vore fyrstevalet mitt. Hadde eg berre gjort det eg ville, hadde eg ikkje hatt noko bra liv – truleg ikkje noko liv i det heile eigentleg.

 

Sannheita er at ikkje tenkjer så mykje på kven eg er. Dette er ikkje noko eg fokuserer på i kvardagen. Har eg valet mellom prim eller gulost, set eg meg ikkje ned å tenkjer ”kva for eit av desse to alternativa er mest meg å velje?” Det er det ikkje noko bevisst val, det er berre ei naturleg handling som kjem av seg sjølv. Eg berre spaserer bortetter vegen som ligg framføre meg. Ein veg eg for det meste er nøgd med. Dårlege, likså gode, sider har den sjølvsagt, men det er opp til meg kva eg vil retta auga mine mot. Kjem eg til eit vegkryss tek eg den vegen som kanskje er nærast eller som ser kjekkast ut, utan å tenkje etter kva som er mest meg. Somme gonger er det sjølvsagt vanskelegare enn andre gonger, men eg stoppar ikkje opp av den grunn.

 

I ungdomstida blir denne vegen mykje smalare enn tidlegare. Det er i denne tida du lærar deg å bli den personen det er forventa av deg at du skal vera. I denne tida blir du også skvisa inn i ei ramme som andre har bestemt korleis ser ut. I førstninga er det viktig å vakta skritta sine på denne nye tronge vegen, til ein blir van med det, elles er det lett å falla utanføre. For mange menneske er det ikkje like lett å få eit avgrensa område å gå på. Ikkje alle kan balansere. Likevel finn alle ein måte å komme seg framover på. Anten det er ved å late som dei er nokon andre enn den dei eigentleg er, eller om det er ved å slå følgje med andre som spaserar den same vegen.

 

Det finst ikkje ein veg som er den rette for alle, difor kan me ikkje alle velje same veg sjølv om det ofte verkar som det enklaste. Det er diverre sjeldan slik at den enklaste vegen er det rette i eit så komplisert liv. Eit klokt menneske sa ein gong til meg: ”det viktigaste er ikkje kva for ein veg du vel å gå, det viktigaste er at du kan finna att den rette vegen dersom du går feil.” Det finnes mange vegar til Rom og du må finna den som passar best for deg. Samstundes finst det, i tilegg til Rom, også Venezia og Lisboa. Kvar du endar, er opp til deg.

 

Difor: Ja, du skal vera deg sjølv. Ja, du skal finna deg sjølv. Ja, du skal skapa deg sjølv. Ja, du skal elska deg sjølv. Ja, du skal marknadsføra deg sjølv. Ja, du skal ha tid til deg sjølv. Ja, du skal vera sann mot deg sjølv. Ja, du skal lytta til deg sjølv. Ja, du skal lika deg sjølv. Ja, du skal godta deg sjølv. Men det som kanskje er endå viktigare er å vita kven du vil vera. Kven du har lyst til å enda opp som og kva for ein person sitt liv du har lyst til å sjå tilbake på. Då du veit dette kan du jo spørja deg sjølv: var du heilt deg sjølv i går?

 

 

Anita Svendheim er 16 år og kjem frå Sand i Suldal. Ho er ny skribent i Magasinett.