Sidan det ikkje er noko som heiter ”veit ikkje”


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dama fortalde at ein alltid hadde ei meining, anten ein ville det eller ikkje. Eg kunne ikkje fatta og forstå at dette var sant. Heile den uvitne verda mi rakna saman, og frå den dagen gjekk eg inn i djup depresjon. Det var som den gongen eg fann ut at julenissen likna mistenkjeleg mykje på pappa med kvitt skjegg, eller som den gongen då eg fann alle tennene mine som tannfea hadde tatt med seg opp igjennom åra liggande i smykkeskrinet til mamma.  Det var fortvilande og grufullt. Etter dagar i trøstesløyse fann eg ut kva eg måtte gjera. Eg måtte ut i verda og finna dette som den slemme dama omtala som meiningane mine.

Det skulle vise seg å bli ei lang reise. Eg besøkte finanskrisa, eg helste på valet i USA og eg tok meg ein prat med krigen i Irak. Mange av meiningane hadde gjømt seg godt, og var ikkje alltid like enkle å finne. Tilslutt var eg lei av å reisa, lei av å leita og lei av å meina. Eg kom heim utan å ha funne alle meiningane, men var innstilt på å i alle fall meine noko uansett.

Andre dagen heime kom det første irriterande spørsmålet: ”Kva parti ville du stemt på?”. I mitt stille sinn tenkte eg at å vita kva parti eg ville stemma på var som å seie kva mjølk som var best dersom det sto tjue ulike kartongar framføre meg, og eg ikkje hadde smakt på nokon av dei før. Dette tok eg grav alvorleg og gjekk drastisk til verks. Eg handla inn mjølekartongar og studerte, smaka og lukta på dei alle saman for å finne ut kva for ei eg likte best. Tilslutt fann eg på sett og vis ut ei som eg likte best, men til min frustrasjon betydde ikkje det at eg ikkje likte dei andre. Eg følte det var feil å velja ei mjølk framføre mange andre som var, tru det eller ei, like gode. Likevel var dama sine ord framleis innprenta i hovudet på meg, og eg nekta å besøkja min gamle ven veit ikkje.

Kvar einaste dag kom det noko nytt eg måtte ha ei meining om. Tilslutt var eg lei av å smaka på mjølk, og fann ut at tida var komen for å trossa denne dama. Eg fann ut at nokre gonger var det betre å ikkje meine nokon ting enn å meina noko berre for å ha ei meining. Så lenge eg visste kva eg sto for og kva som var viktig for meg, trong eg ikkje setje meg inn i absolutt alt. Det var både for kjeisamt og for tidkrevjande. Difor har eg gått tilbake til den gamle venen min, sjølv om eg kan høyre dama si stemme inni hovudet kvar gong eg seier veit ikkje. Du undrast kanskje på kvifor ei dame eg berre har veksla nokre få ord med kan gjera så stort inntrykk? Vel, det kan eg beklageleg ikkje svara deg på. Det veit eg nemleg ikkje.

 

Framsidebilde frå http://www.senate.gov/