NRK når ikkje unge nettbrukarar med lokalnyheiter

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ei landsomfattande spørjeundersøking om medievanar, utført av opinion på oppdrag frå Handelshøyskolen BI.

Til samanlikning les 13 prosent av dei under 30 lokalaviser på nett.

– Undersøkinga bekreftar at både NRK og lokalavisene har ei stor utfordring i å nå fram til ungdom. Men problemet er størst for NRK, seier Ragnhild Olsen, medieforskar ved Handelshøyskolen BI, til Klassekampen.

Då NRK på nyåret kunngjorde at dei ville kutte i distriktsnyheitene på TV, vart dei tatt på senga av dei høglydte protestane frå sjåarane, skriv avisa.

– Det var dei lojale, eldre brukarane som vart opprørte då tilbodet på tv vart tatt ned. Eg har forståing for at NRK vil frigjere ressursar. Men det denne saka har avdekt, er at NRK må gjennomføre fleire ting på ein gong for ikkje å framandgjere ein stor del av brukarane, seier Olsen.