Forskar: – Elendig mangfald på norsk TV
«Skam» er det einaste heiderlege unntaket. Norsk TV manglar mangfald på skjermen, meiner forskar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Elendig mangfald på norsk TV
– Norsk TV er elendig på mangfald. Både når det gjeld kvinner, etnisitet og legning. Berre to av dei 15 siste NFI-støtta TV produksjonane har hatt kvinneleg protagonist, og kvinner er ikkje ein minoritet ein gong, seier Gry Cecilie Rustad, postdoktor ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, til Dagbladet.
Rustad legg til at NRKs ungdomsserie «Skam» er det einaste heiderlege unntaket ho kjem på, der det er masse mangfald også i hovudrollene.
«Skam» får skryt for å vise mangfald. Skjermdump NRK.
Også Anders Lysne, medievitar og universitetslektor på Universitetet i Oslo, meiner at Noreg slit med at den norske populærkulturen heng etter røynda.
– Derfor får «Skam» så stor merksemd, for vi har ikkje sett det før, seier han.
Det at dei vektlegg dette, utan at karakterane blir framstilte som sjuke eller som ein komisk figur, meiner han er nytt. (©NPK)
LES OGSÅ: «Skam» får fleire unge til å ta kontakt med Ungdomstelefonen