Desse 15 personane kan bli hugsa om tusen år

Elise Løvereide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven vil vi hugse om 1000 år?

Det er ikkje mange personar som går inn i historia og blir der, i alle fall ikkje i 1000 år. Dei fleste som oppnår kjendisstatus blir gløymde, og det kan late til at hugsa blir dårlegare og dårlegare med tanke på omgrep som «døgnflue» og «one hit only».

Nokre begynner kjendislivet som barn og den einaste gongen folk hugsar dei mange år seinare, er ved at sladderblada skriv: Sjå korleis han ser ut no! Ja, eg tenker for eksempel på han i Hjemme alene-filmene.

Det kollektive minnet er 70 år, er det nokon som seier. For kvart syttiande år gjentek historia seg. Oldeforeldra er døde, besteforeldra er gamle, og få kan åtvare nye generasjonar mot feila ein gjorde den gongen.

Men så hugsar vi jo også visse personar som levde for meir enn 70 år sidan. Og for 200 år sidan, og for 500 hundre år sidan. Som dronning Victoria, Jeanne D´Arc, Napoleon, Solkongen, Martin Luther. Og vi hugsar Mozart og Beethoven. Så kva skal til for å bli hugsa gjennom eit heilt årtusen?

Napoleon. Foto: Wikimedia Commons

Endra verda

Sannsynlegvis må du ha endra verda (eller i alle fall ein verdsdel) på ein eller annan måte – positivt eller negativt.

Då BBC nyleg undersøkte kva som skal til for å bli hugsa i tusen år, viste dei til ei undersøking frå 2013. Forskarane jakta på den personen som har hatt størst akademisk påverknad.

Den personen som hadde blitt nemnt oftast på internett, var Karl Marx. Mens Leonardo da Vinci, Isac Newton og Galilei har oppnådd fleire hundreår med berømmelse – og Darwin og Marx eit hundreår – vil ikkje ein Nobelpris vere nok i dag.

Kampen er større

For det første er det mange fleire menneske på jorda no enn for berre hundre år sidan. Kampen om berømmelse er større. For det andre har vi utforska det meste på planeten, i alle fall samanlikna med før. Med andre ord: Det er færre ting å oppdage. For det tredje: Massemedium kan gi folk berømmelse over natta, men det stadige merksemdkravet gjer at folk blir gløymd raskare.

Kleopatra VII Filopator var den siste dronning og farao av det ptolemeiske kongedømme i Egypt, frå 51 f.Kr. til 30 f.Kr. Foto: Michał Huniewicz/Flickr

For det fjerde: Eineherskarar som Herodes, Cæsar og Peter den store finn vi ikkje ofte att i dagens demokrati. Vi har politiske system, vi har frie val og røysterett, for det meste. Dei valde sit sjeldan meir enn 8-10 år med makta. Før fekk kongar og herskarar makta når dei var barn, og hadde den til dei døde.

Enkelte historiske personar vil alltid vere dei første som oppdaga noko stort – Darwin, Einstein, Galilei. Desse vil halde fram med å stå i historiebøkene og på tavla i klasserommet. Det same vil Jesus, Moses, Maria, Sokrates og Kleopatra, som allereie har blitt hugsa i over 2000 år.

Så kva slags moderne menneske vil bli hugsa dei neste tusen åra?

Vil Oprah Winfrey bli hugsa om 1000 år? Det står att å sjå.

Kva du ikkje bør satse på

Ekspertane BBC har intervjua, meiner at folk i underhaldningsindustrien har liten sjanse til å bli hugsa i eit heilt årtusen. Det gjeld både sportsutøvarar som David Beckham, musikarar og TV-stjernar (sorry, Kardashians).

Dei aller fleste musikarar, med unntak av klassiske komponistar, blir gløymde. Teorien er at mengda musikk og film er stor, og tempoet høgt.

Det er betre å satse på noko litterært, eller å leie ein revolusjon eller rørsle, meiner dei. Forskarar eller kongelege kan også ha ein sjanse, sjølv om dei det helst gjeld, er dei som gjer noko minneverdig.

Som Henrik 8., som gjorde England protestantisk, eller Marie Antoinette og Ludvig 16., som blei halshogde for å gje blaffen i folket i forkant av den franske revolusjonen.

Det finst allereie statuar av Mor Theresa. Det kan hjelpe på at ho blir hugsa. Foto: Wikimedia Commons

For å satse på ikkje bli gløymd, rådar ekspertane deg til å dø ein dramatisk død – som Akilles – eller å bli gravlagt på ein spesiell måte – som Tutankhamun eller Walt Disney.

Eventuelt bør du få noko oppkalla etter deg, som eit tempel eller ein stor mur. Du bør også passe på at hovudet ditt kjem på myntane, eller at nokon lagar ein statue av deg – for då er det vanskelegare å bli gløymd.

Desse kan bli hugsa

Ingen veit korleis teknologien vår vil sjå ut i 3018, eller om jorda vil vere øydelagt innan den tid. Vi vil heller ikkje leve lenge nok til å finne det ut. Men gjettelekar er alltid gøy, så her kjem ei liste på 15 personar som har levd dei siste 100 åra, og som (kanskje) vil bli hugsa om 1000 år:

1. Adolf Hitler. Kanskje vil ikkje alle vite nøyaktig kva han gjorde, eller korleis han såg ut, men dei fleste vil nok om 1000 år ha høyrt namnet og assosiere det med noko negativt.

2.  Mor Theresa: Ho blei saligkåra av paven i 2003 og fekk helgenstatus i 2016. Mest av alt vil mor Theresa bli hugsa fordi det om 1000 år framleis vil vere mange katolikkar i verda.

3.  Vladimir Putin. For å vere det nærmaste ein gamaldags eineherskar i det moderne Russland.

4.  Donald Trump. Dessverre. Historia om den gongen USA valde ein reality TV-stjerne som president, kjem ikkje til å bli gløymt.

Prinsesse Diana var verdas mest fotograferte kvinne. Foto: Wikimedia Commons

5. Prinsesse Diana. Den karismatiske og sympatiske prinsessa som vann alle sine hjarte, får framleis mykje merksemd, 20 år etter sin død. Og ho var verdas mest fotograferte kvinne mens ho levde.

6. Vladimir Lenin: Lenin blir framleis dyrka i heimlandet Russland, og er kjent for å vere ein marxistisk politikar, leninismens grunnleggar og leiar under Oktoberrevolusjonen.

7. Anne Frank. Anne Franks dagbok er også på lista over verdas mest selte bøker gjennom historia.

8. Martin Luther King Jr. Fordi han var ein radikal og uredd forkjempar for borgarar sine rettar og leia ei rørsle som endra verda.

Martin Luther King jr. Foto: Wikimedia Commons

9. Josef Stalin: Stalin var leiar av Sovjetunionen frå Lenins død i 1924 og til 1953. Fleire millionar menneske døde under hans regime.

10. Stephen Hawking: Det mest moderne geniet vi har i dag, og alle veit at geni blir hugsa.

11. Mahatma Gandhi: Han leia den indiske uavhengigheitsrørsla.

12. Nelson Mandela: Sør Afrikas president og motstandar mot apartheid-regimet.

13. Thomas Edison: Du veit, for lyspæra.

14. Winston Churchill: Kjent for sine mange gode sitat og for motstanden mot tyskarane under andre verdskrigen i sin statsministerperiode.

15. Simone de Beauvoir: Historia har vist at filosofar blir hugsa, og Det annet kjønn har sikra de Beauvoir eit namn, særleg etter dei nye feministrørslene på 2010-talet.

Desse 10 kan også (kanskje) bli hugsa:

  1. Elvis Presley: Få har blitt meir berømte enn det Elvis var ein gong. Musikken hans lever i beste velgåande, sjølv om fleire blir klare over at han stal andre sine låtar.
  2. Marilyn Monroe: Kor mange «milleniums» har eigentleg sett ein film Monroe spelar i? Kanskje ikkje så mange, men imaget og bilda av henne er ikoniske.
  3. Michael Jackson: No er det snart ti år sidan rockekongen døde, men musikken hans blir framleis spele verda rundt. Det spørs kor lenge det varer.
  4. Madonna: Madonna går aldri av moten, sjølv om ho har vore i «gamet» lenge. Men får ho noko høgare status enn popstjerne?
  5. John F. Kennedy: Mest kjent for å bli drepen, eigentleg, men folk burde ikkje gløyme korleis han som president støtta oppløysinga av apartheid i USA.
  6. J.R.R Tolkien: Ringenes Herre er meir enn ein kultklassikar – det er ei historie som går inn i verdslitteraturen.
  7. J. K. Rowling. Fordi Harry Potter-bøkene er blant verdas mest selte bøker nokonsinne.
  8. Walt Disney. Disney-filmane har snart hundreårsjubileum på sin filmproduksjon. Snøhvit kom allereie i 1937 og er ein tidlaus suksess. Når det er sagt, vil folk gjerne hugse filmane meir enn sjølve personen Disney.
  9. Dronning Elisabeth 2. Ho har trass alt hovudet sitt på britiske pengar. Og fått filmar og TV-seriar laga om sitt liv. Men har ho gjort noko revolusjonerande?
  10. Oprah Winfrey. Det kjem an på om Winfrey stiller til det neste presidentvalet i USA, for då stiller saka seg litt annleis. Men Winfrey er allereie godt kjent som programleiar, skodespelar og forretningskvinne.