Juletankar

Guro K. Haug
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein av dei som ikkje kan klare meg utan adventskalenderen med billig tysk sjokolade, Nidars julemarsipan, ribbe med sprøsteikt svor, Askepott og dei tre nøttene – og ikkje minst julegåver!

Eg kan innrømme at det ikkje er fullt så kjekt med gåvene som då eg var lita.

For det første får eg ikkje så mange gåver lenger (antakeleg fordi eg eigentleg har alt eg treng) og fordi eg har begynt å glede meg over å gi gåver i staden for å få.

Det er alltid morsamt å finne den rette julegåva, den som passar som hand i handske til den personen du gir gåva til.

Det er sjølvsagt mogleg å bomme totalt, men folk legg godviljen til og er snille med kvarande  når det er jul.

Om faren din synest snorkesprayen var ei djup fornærming, så prøver han å skjule det så godt han kan. Det er jo jul.

Men eg veit at ikkje alle deler entusiasmen min for jula. Eg har forstått det sånn at jo meir vaksen ein blir, jo mindre byrjar ein å like jula.

Jula blir forbunde med mas, tom lommebok, nokre ekstra kilo som ikkje burde vere der. Lista er lang. Dessutan er jula eit omfattande prosjekt.

Det varer ikkje berre nokre dagar, men månader. For i butikkane startar jo jula i byrjinga av oktober, og det blir berre verre og verre (eller betre og betre, alt etter korleis ein ser det!) jo nærmare ein kjem desember.

I desember eksploderer det. Då startar me ungar (eg har ingen planar om å droppe adventskalenderen, sjølv om eg nærmar meg tjue) nedteljinga med adventskalenderen og nellik i appelsinen.

Og butikkane byrjar å mase for alvor om at me må kjøpe julegåver, og me blir oppfordra til å kjøpe, kjøpe, kjøpe alt det som har med jula å gjere.

Alt handlar om jul – sjølv hamsteren skal få julestrømpe på julaftan.  Til og med eg synest det er ein smule i overkant. Men for all del – hamsteren må jo få vere med på moroa han òg.

Eg skjønar at folk blir galne av slikt. Eg kjenner eg blir litt galen i hovudet sjølv. Men ein må rett og slett bestemme seg for kva som skal vege tyngst.

Vil ein sleppe kjøpepresset og glorete julepynt eller vil ein ha eit lyspunkt i ei mørk og trist vintertid? Ein kan sjølvsagt lage sine eigne lyspunkt i mørketida, det treng ikkje alltid vere julefeiringa som gjer folk glade.

Men jula gjer no i alle fall meg glad. Tenk kor trist og kjedeleg og deprimerande desember hadde vore utan jula!

Det hadde ikkje vore noko spesielt me kunne glede oss til, utanom kan hende det nye året i månaden etter. Jula betyr lys, varme, familieselskap, god mat, masse kjekt på TV, pynt og stas.

Det er riktig at jula har mista litt av den opphavlege tydinga. Små ungar ser jula synonymt med nye PC-spel og bamsar, som dei ofte har meir enn nok av frå før.

Og det religiøse ved jula har bleikna. Samtidig må me ikkje gløyme at Noreg i dag er ei blanding av så mange forskjellige menneske, og jula er ikkje slik ho var i gamle dagar, berre for dei kristne som las Juleevangeliet på julaftan.

Først og fremst handlar jula om tradisjon, religiøs eller ikkje, og det synest eg er noko me skal ta vare på. For jula fører folk saman, me har noko å tale om, noko å glede oss over.

Eg er kan hende overoptimistisk. Eg har full respekt for dei som ikkje likar jula. Til tider synest eg sjølv at jula er eit åk.

Men det jo berre ein gong i året at det skjer. Etter julaftan er det eigentleg over. Då er det dei evinnelege juleselskapa, der slektningane inviterer onklar og kusiner for å bli kvitt dei seks sortane kaker og julebrus.

Så kjem nyttårsaftan, også var det jammen slutt. Nytt år, nye moglegheiter. Eller kan hende ei ny moglegheit til å klage over kor fæl jula var i fjor?

Nei, eg oppfordrar alle surpompar og motstandarar av jula til å lausne på slipset og bli med på moroa. Eller de kan flykte til Syden. Men det er jul der òg vil eg tru.