Ein teknologisk skuledag


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Alt har blitt så mykje meir tungvint for dei stakkars lærarane våre. Ikkje berre må dei venne seg til alt dette nye, men dei må også starte arbeidsdagen ein halvtime tidlegare på grunn av dei nye elektriske dørene på skulen vår. Det sto i bruksanvisninga at dei skulle opne seg automatisk, men det har dei ikkje sett noko til. Difor startar dagen alltid med ein liten dugnad der alle er med for å skyve til sides desse dørene. Men lærarane er glade som alltid, fysisk aktivitet skjerpar jo hjernecellene før ein ny skuledag.

Førelesninga startar som planlagt, og elevane sit lærevillig klare på pulten sin medan dei surfar rundt på Facebook etter nye vener å leggje til. Læraren prøvar å få powerpointen til å virke. Fargane som er grøne på pc-en går over til ein mystisk rosa farge på storskjermen.  I sitt stille sinn tenkjer læraren at dette må vera avanserte tekniske saker som klarer å skifte farge heilt av seg sjølv. Fornøgd skal læraren til å starte undervisninga, då pc-skjermen plutselig sloknar. Men dette er jo inga hindring for ein opplagt lærar, dette har han opplevd før.

Lærarane ber elevane om å starte på skriveoppgåva som tidlegare vart utdelt, medan han sjølv spring av garde til kontoret for å hente ladaren. Han kjem pustande og pesande tilbake, og skal til å plugge ladaren i pc-en, då han finn ut at leidningen er altfor kort. Framleis med stort mot hiv han seg av garde for å finne ein skøyteleidning. Tilbake i klasserommet igjen kjem det til stor overrasking fram for læraren at det ikkje er mogeleg å få stikkontakten inn i veggen. Dette må vera ein spesialkontakt tenkjer læraren imponert. Då tek læraren like så godt å droppar heile skøyteleidningen, og set pc-en på golvet slik at ladaren rekk fram. Han skal til å starta på førelesninga då skuleklokka ringjer ut. Fornøgd sit læraren igjen då alle elevane stormar ut, og tenkjer; Denne utfordinga klarte eg fint.

Etter friminuttet sit elevane igjen klare for ein ny time med facebook-surfing. Denne læraren har verkeleg satt seg inn i det nye trådlause nettverket til skulen, og skal i denne timen læra frå seg sine kunnskapar til elevane.
– Dette, kjære elevar, er skikkelege saker! Fortel læraren med stor entusiasme og sjølvsikkerheit. Han forklarer at på skulen er det trådlaust nettverk, og at ein difor ikkje treng nokon leidning, eller antenne. Elevane sit å trippar på stolen og følgjer spent med på læraren som fortel om denne fantastiske nyskapinga dei driv med på skulen.
– Berre følg med no, seier læraren og tek pc-en med seg ut på gongen. Ut frå gongen høyrer elevane hans overivrige stemme rope til dei:
– Kven av dykk gjettar at eg er på det trådlause nettverket no?
Nokon av elevane mumlar eitt eller anna til svar. Læraren kjem inn igjen, opnar vindauget og held pc-en ut i den frie lufta.
– Kven av dykk gjettar eg er på det trådlause nettverket no?
Elevane forsett med å leggja til nye vener medan den overivrige læraren stadig finn nye plasser der det, tru det eller ei, framleis er trådlaust nettverk.

Timen er over, men læraren er heilt oppslukt i dei fantastiske eigenskapane til det trådlause nettverket. Han bestemmer seg for å prøve ut om det er mogeleg å vera på nettverket heile vegen frå klasserommet til lærarrommet. Ute i gongen møter han ein kollega, som også går rundt med sin eigen pc. Fantastisk nettverk dette her seier dei og smiler til kvarandre på vegen mot lærarrommet. Utanfor døra har det samla seg opp fleire lærarar som står med pc-ane sine og spør kvarandre om dei framleis har nettverk. Naturfaglæraren ligg under bordet og  brøler ut:
– Trur dykk eg har nettverk no?

Samlinga av lærarar byrjar å gå tom for nye plasser å teste ut nettverket. No har kaffitørsten tatt tak i lærarane. Norsklæraren går for å opne døra, men det er utan hell.
– Eg hadde heilt gløymt ut denne briljante nye låsemekanismen. Det er noko med tal, dette er noko for deg Per, seier han henslengt til mattelæraren.
Per kjem fram til døra, og startar å undre på om det er logaritmar eller phytagoras som skal til for å knekke denne låsen.
– Dette var ein sleip ein, seier han før døra brått opnar seg frå innsida. Ein lærar kjem ut med ein pc i hendene og ser overraska opp.
– Kva er det som skjer her? Undrar han på. Spørsmålet forsvinn inn i eit svært gledeshyl over at mattelæraren finn ut at det til og med er trådlaust nettverk inne på lærarrommet.

Lærarane set seg ned og pratar over utfordringane dagen har bydd på. Frå kjøkkenet høyrer dei at kaffitraktaren, som er ny for året, er ferdig. Norsklæraren går bort for å helle kaffien i ei kanne. Han serverer til alle lærarane som sit i rommet. I sitt stille sinn undrar dei alle saman på kvifor kaffien smaker som kaldt vatn, men dei seier ingenting. Ein veit jo aldri med denne teknologien! Dei siste elevane forlatar skulen, medan lærarane sit igjen og rettar prøvane. Mørket senker seg, og stearinlyset på kontorpultane deira vert tent. Den eine læraren står med nasen sin klint opp i ein lysbrytar, og undrar; korleis var det  dette fungerte no igjen?

Denne teksten vart til etter eit skrivekurs med Are Kalvø. Anita har skrive teksten i samarbeid med Lene Bog og Heidi Hustveit. (Framsidebilde: Stockxhange/N vd Merwe)