Bondestudentar – domaren


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er dei indre kvalitetane som betyr noko, seier dei, korleis du ser ut, betyr ingenting. Dette skjønar eg ikkje. Så lengje eg kan hugse, har eg vurdert menneske rundt meg etter korleis dei ser ut – og ikkje skamma meg over det. Ser dei vaksne og dei andre betrevitarane at eg skriv dette, tenkjer dei sikkert at eg burde skamme meg over det. Men det gjer eg altså ikkje.

Kvar gong eg går inn på trikken eller t-bana, startar eg med å ta eit kjapt blikk over vogni. Då får eg fort eit oversyn over kva eg har å velja i – eit godt  grunnlag for å velja ein plass å sitja. Eg vil openbart ikkje sitja ved sidan av folk som ser ut som dei anten drikk eller røykjer mykje, for dei luktar ilt. Folk som er verkeleg stygt kledde, unngår eg så ofte som mogleg. Eg set meg sjeldan med gruppar av ungdomar, og iallfall ikkje dersom dei har skate-, basket- eller hiphop-klede. Dei bråkar alltid og ser dumt på meg. Ei anna gruppe som stirrar fælt er dei gamle damene, så av og til – viss det er godt utval i vogni – prøvar eg å unngå dei òg. Men dei har samstundes ein viss sjarm, så dei skapar sjeldan problem. Seinast i dag var det ei rett ovanfor meg på trikken som kommenterte kor lurt det var med den vesle sokken eg har strikka utanpå iPhonen min. Velmeinande og triveleg.

Til mitt forsvar er det også menneskegrupper og utsjånader eg likar godt å sitja med. Unge, pene folk er kjekt, iallfall når dei er velkledde. Spesielt gutar som kler seg medvite, tykkjer eg er stas. Iallfall viss me ser bort frå han som hadde kliss likt Arne & Carlos-skjerf som meg på trikken ein gong, det var berre flaut. Jenter med bøker er greitt å sitja saman med, fordi du veit at det ikkje blir noko mas med dei. Eg set meg òg ofte inntil folk med innvandrarbakgrunn, for å freiste å finne ut kva språk dei talar med kvarandre.

Slik gjer eg kvar gong eg går inn på ein trikk, i ein sal, ei kantine eller ein annan stad eg risikerer å møte folk eg ikkje kjenner frå før. Eg lukar automatisk ut dei som på ein eller annan måte ser ut som dei kan gjera opphaldet mindre triveleg eller fruktbart for meg. Eg førestiller meg at dette er noko mange av oss gjer.

Me menneske er fordomsfulle vesen. Eg trur det er ein arv etter dei fyrste menneska; sidan evolusjonen ikkje gjorde oss verken spesielt gode til å springe eller å klatre i tre, var dei nøydde til å vera forsiktige med kven dei menga seg med. Nett som meg på trikken, starta dei dagen med eit kjapt blikk utover savanna. Var det eit dyr der som såg skummelt ut, trekte dei seg stille unna. Lite kunne dei ane – sjølv om dei nok lærte etter kvart – at den tilsynelatande trivelege edderkoppen eller rolege skorpionen kunne vera mykje farlegare enn dei bjeffande, iltre hundane og dei store, raske hestane. No til dags har me måtar å hanskast med skumle dyr på, men instinktet sit att; ser me noko me er usikre på, ligg me unna.

Eg er faktisk heilt sikker på at dette er noko mange av oss gjer enno. Eg kan garantere at sjølv blir eg dømd og fordømd mange gonger for dagen, berre på grunn av korleis eg ser ut. Eg har dreads, lange tjafser. Det er ein frykteleg dårleg start. Alle rundt om i samfunnet har ei eller annan oppfatning av folk med dreads, fyrst og fremst kva klede det er venta at me går i og kva forhold me har til personleg hygiene og narkotiske nytingsmiddel.

Som du kanskje allereie har skjønt, er ikkje eg den folk set seg med fyrst på ein buss eller ein trikk. Men dette treng jo på ingen måte å vera ein negativ ting. Tvert imot, spesielt på buss har eg ofte opplevd – strålande fornøgd – at alle sete har blitt fylt opp, med eit einaste unntak; det attmed meg. Der set eg så veska mi, tek opp ei bok og lener meg attende med eit smil. Så greitt, tenkjer eg, så slepp eg å forhalde meg til andre folk, berre fordi dei trur eg er eit hasjrøykande vrak, kun halde saman av den gamle skiten som ligg fordelt utover hudi mi. Det er òg kjekt å kunne overraske folk positivt, sjå kor sjokkerte eldre folk blir når eg – som ser ut som eg er snytt ut av Satans nasebor – gjev dei setet mitt på trikken. Slik sett ser eg utelukkande fordelar med å døme folk etter utsjånaden, alle vinn.

Den einaste malurten i dette elles velsmakande begeret av fordomar er den litt ekle smaken av det eg eventuelt går glipp av. Kan det vera at eg har gått forbi nye vener fordi eg ikkje likte håret deira? Har eg mista sjansen til å spela med folk fordi eg sjeldan likar måten musikkstudentar kler seg? Er det nokon som elskar å sitja attmed folk på trikken og blir lei seg når eg går forbi? Det kan ein grunne på og ha dårleg samvit for, dersom ein måtte ynskje det. Men det har altså ikkje eg. I staden sit eg for meg sjølv på trikken og skuler dømande på folk rundt meg. Og dei skuler attende.