AUF og Grøn Ungdom aukar mest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grøn Ungdom hadde 1247 medlemmar ved utgangen av året. Det er meir tre gonger så mange medlemmar som i 2011, og 564 fleire enn 2012. Ingen andre parti er i nærleiken av ein så stor prosentvis auke.

– Gjennombrotet vårt i 2013 viser at ungdom ikkje lar seg pilla på nesa av fossile politikarar, og at det nyttar å utfordra etablert og utdatert tankegang. Den grøne rørsla er i vinden over heile verda og er den som svarer best på dagens utfordringar. Derfor trur eg veksten me har sett så langt også berre er starten på noko endå større, seier nasjonal talsperson for Grøn Ungdom, Hallvard Surlien til Framtida.no.

LES OGSÅ: Slutten på demokratiet?

Enno desidert størst
For tredje år på rad har AUF over 13.000 medlemmar. I 2003 hadde ungdomspartiet 6.500 medlemmer. Ti år seinare er medlemstala fordobla. Berre frå 2012 til 2013 har talet på medlemmer auka frå 13.200 til 13.800.

– Me held ikkje berre stand på eit allereie høgt medlemsnivå, men går fram. Det handlar blant anna om at mange unge vil ha ein annan politisk kurs enn den nye regjeringa har sett, seier AUF-leiar Eskil Pedersen i ei pressemelding.

Den store medlemsveksten etter stortingsvalet viser eit engasjement blant ungdom og sikrar AUF meir tyngde og sjølvsikkerheit i tida framover, meiner han.

– Arbeidarpartiet skal inn i ein viktig prosess dei neste åra der me må tørra å vera sjølvkritiske og klara å fornya dei delane av politikken der me ikkje har vore gode nok. Eg tenkjer spesielt på miljøsaka, som er sjølve symbolet på god og framtidsretta politikk. AUF har ein viktig jobb å gjera, avsluttar Pedersen.

LES OGSÅ: – Media må vera forsiktige med å ta æra

– Inspirerande
Unge Høgre opplevde òg solid vekst i medlemstalet i fjor. Kvart tiande medlem er innmeldt det siste året.

Totalt 5497 medlemmer betalte kontingent i ungdomspartiet i fjor. Det er ein auke på 559 – eller 11,9 prosent – frå året før.

– Dette er inspirerande. Fleire medlemmer betyr større gjennomslagskraft. Når moderpartiet sit i regjering, har vi ei unik moglegheit til å få gjennomslag for viktige ungdomssaker som gjer at fleire kjem seg gjennom skulen, ut i arbeidslivet og inn på bustadmarknaden, seier Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy til NTB tidlegare veka, då tala deira blei lagt fram.

Sosialistisk Ungdom hadde kring 2200 medlemmar i 2013 – ein auke på vel 200 medlemmar. Raud Ungdom 780 medlemmar i 2013, om lag like mange medlemmar som året før.

LES OGSÅ:Ungdomspartia er rekordstore

Størst nedgang i KrFU og FpU
Størst nedgang i medlemstalet har KrFU, der medlemstalet gjekk ned med 882 medlemmar til 2349 medlemmar.

– Me hadde ein stor gjennomgang av medlemslista i 2013 der me fjerna mange som aldri har betalt, eller ikkje har betalt dei siste to åra. Det er hovudgrunnen til at talet har gått ned frå 2012 til 2013, forklarar Ruben Ramirez-Skålevik, informasjonsrådgivar i KrFU.

Framstegspartiets Ungdom hadde 3594 medlemmar ved årsskiftet, 207 færre enn eitt år tidlegare og 653 færre enn i 2011.

Unge Venstre hadde 1496 betalande medlemmar i 2013, ein nedgang på 188.

Senterungdommen er enno ikkje ferdig med å gå gjennom medlemslista si.

Faktaboks

Medlemstal i ungdomspartia i 2013:

AUF: 13800
Ungre Høgre: 5497
FpU: 3594
KrFU: 2349
SU: 2200
Unge Venstre: 1496
Grøn Ungdom: 1247
Raud Ungdom: 780
Senterungdommen er ikkje klar med medlemstalet sitt.