Norske bedrifter manglar rutinar for varsling om trakassering
I ei fersk undersøking seier berre halvparten av norske arbeidstakarar at arbeidsgivaren har etablert rutine for varsling av mobbing og seksuell trakassering.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein av fire oppgir at arbeidsgivaren deira ikkje har etablert rutine for varsling av kritikkverdige forhold, medan ein av fire seier dei ikkje veit om arbeidsgivar har rutinane på plass, viser ei ny undersøking utført av Norstat.
Berre 45 prosent seier dei kjenner til at arbeidsgivar har varslingsrutinar på plass, trass i at bedrifter er lovpålagde å ha varslingsrutinar dersom forholda i verksemda tilseier det, og alltid dersom føretaket jamleg sysselset minst fem arbeidstakarar.
Det er Kluge Advokatfirma som har bestilt undersøkinga. Ove Vanebo, senioradvokat og ekspert på arbeidsrett i firmaet, meiner resultata er urovekkjande.
– Sjølv om det er vanskeleg å vite eksakt om verksemdene som er omtalt i undersøkinga er lovpålagde å ha rutinane, er det stort sannsyn for at ei rekke arbeidsgivarar bryt arbeidsmiljølova, seier Vanebo.
I den same undersøkinga svarer derimot tre av fire at dei veit korleis dei skal varsle arbeidsgivar dersom dei opplever mobbing eller trakassering på arbeidsplassen.
– Dette talet bør takast med ei lita klype salt ettersom mange av dei same respondentane opplyste at dei ikkje visste om arbeidsgivaren deira hadde varslingsrutinar på plass. Er ein ikkje kjent med rutinane i verksemda er det vanskeleg å varsle på riktig måte, seier Vanebo.
Norstat-undersøkinga hadde 629 respondentar og vart utført i tidsrommet 18. til 23. januar 2018.