Regjeringa vil styrke kvensk språk

Regjeringa set i verk tiltak for å bevare kvensk som eit levande språk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kvensk språk er ein viktig del av vår felles kulturarv. Språket er i dag i ein kritisk situasjon, og språkarbeidet må styrkjast. Målet til regjeringa er at planen skal legge til rette for at kvensk framleis skal vere eit levande språk, uttalte kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland, under lanseringa av “Målretta plan – vidare innsats for kvensk språk 2017–2021” i Tromsø tysdag.

Planen inneheld tiltak innanfor barnehage og grunnopplæring, høgare utdanning og forsking, og språkleirar for barn, ungdom og vaksne. Nokre av tiltaka er nye, og andre er vidareføring og styrking av eksisterande tiltak.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø meiner det er viktig å utdanne lærarar med høge kvalifikasjonar i kvensk. Universitetet i Tromsø har allereie eit studietilbod i kvensk språk.

– Universitetet får no ei ekstra løyving på 750.000 kroner for å utvikle eit lærarutdanningstilbod med praksis og fagdidaktikk i kvensk språk, byggje nettverk og rekruttere studentar. Frå 2019 vil studentar som tar kvensk som del av lærarutdanning, få ettergitt inntil 50.000 kroner av studielånet, seier Nybø.