– Ta ofte pause og ver bevisst på haldninga di

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein kjellar i eit stort kontorbygg på Smestad i Oslo dukkar ei blid kviteseiding med litt rusten dialekt oss. Ho og mannen har drive eigen naprapatklinikk i ti år i hovudstaden.

– Det har vore nokre humpar undervegs. Tre barn lagar jo litt krøll når ein er ei familieverksemd, ler Monica.

Ekspert på haldninga di

Men klinikken har stadig blitt meir etablert og populær. Dei har mellom anna Fagforbundet som ein av dei store kundane, og jobbar mykje med forskjellige kontorfirma. Monica har blitt haldningsekspert og tilbyr også eigne haldningskurs på nett.

– Det blei eg av den enkle grunn at veldig mange av dei som kom til meg med problem og vondter hadde dårleg haldning. Etter behandlinga fekk mange betre haldning og det hjelpte dei i kvardagen. Difor har eg blitt veldig oppteken av at folk skal vere bevisste på haldninga si.

Ville bli fysioterapeut

Då ho gjekk vidaregåande var Monica sikker på at ho ville jobb med kropp og helse. Fysioterapi var den naturlege vegen å gå tenkte ho. Men det skulle vise seg å vere vanskeleg å kome inn på studiet i Noreg. Australia var difor lenge planen, men ei yrkesmesse med folkehøgskulen skulle endre alt.

– Eg blei eigentleg berre seld over korleis dei tenkte og jobba på. Sidan ikkje utdanninga fanst i Noreg, blei det Sverige og Naprapathøgskolan i fire år. Der trefte eg også mannen min, smiler Monica.

Me har blitt med inn på behandlingsrommet og lurar på kva som skjer når pasientar kjem inn hit. Kva skjer eigentleg når ein legg seg ned hjå ein naprapat?

– For det fyrste legg ein seg aldri ned når ein kjem inn. Fyrst tek me ein prat for å høyre historia bak kva som har skjedd. Det er ein veldig stor del av å kartlegge det som har skjedd. Er det akutte skadar? Me prøvar å vere litt detektiv. Så er det over til undersøking, testar og sjå på ulike strukturar for å sjå kva me skal gjere vidare.

Og fyrst då legg pasienten seg ned.

–  Behandlingane varierer veldig frå person til person, men det er alltid ein grunn til at dei har fått vondt. Me må finne ut kva denne personen må gjere sjølv for å unngå at plagene kjem tilbake. Naprapati handlar om å korrigere årsaka til liding, forklarer naprapaten som fortel at det er normalt med tre til fem behandlingar.

Viktig å trene

Monica viser oss rundt i dei lyse lokala. I tillegg til ho og mannen har dei ein naprapat som jobbar hos dei. På det store treningsrommet skjer mykje av behandlinga. Om ein skal bli bra igjen frå plagene er det ofte øvingar og trening som må til. Monica tek opp nokre kettlebells og tek eit par utfall. Ofte kan øvingar som dette, med eller utan vekter vere fine for å bryte opp mønsteret i ein lang kontordag.

– Det er viktig å tenkje variert. Den neste arbeidsstillinga er den beste. Ikkje ver redd for å gå ein gong ekstra til kopimaskina. Ein kan strekke seg etter imaginære eple eller ta nokre kjappe knebøy. Det viktigaste er å vere bevisst. Enkle endringar kan hjelpe mot store plager.

Ryggvondt, skuldrar og hovudpine meiner naprapaten ofte stammar frå dårleg haldning og sitjestilling.

– Det ein ofte legg merke til er at folk sit med framoverroterte skuldrar. Dei skal gjerne lene seg litt fram og zoome inn. Då blir ein lett sitjande heilt feil og får framoverroterte skuldrar og kollapsa brystkasse, seier ho og demonstrerer.

– Det kan gjere at ein får mykje spenningar.

– Ikkje heksekunst

Framleis ligg naprapati under alternativ behandling og er ikkje autorisert som i Sverige. Som nyvald styremedlem i naprapatforbundet er det noko Monica jobbar med å endre.

– Me ynskjer ikkje å bli sett i den båsen. Det er dessverre framleis mange som ikkje veit kva me driv med, og trur me driv med humbug. I Sverige er det ei legitimert arbeidsgruppe, og det er målet vårt også å bli i Noreg. Me driv ikkje med noko heksekunst og har pasienten i fokus. Me synest folk bør ha større valfridom når dei vel behandling.

Det var mykje på grunn av dette arbeidet ho fekk prisen for årets naprapat tidlegare i haust.

«Monica sitt deltakande engasjement ovanfor politikarar, byråkratar, andre profesjonar og mannen i gata er eit svært verdifullt bidrag for forbundet vårt», blei det sagt i grunngjevinga.

– Det var veldig stas. Eg blir så fort rørt av sånne ting, så eg var nok litt rørt då eg gjekk opp og tok imot prisen. Det er ekstra stas når ein brenn så for det ein held på med. Ein blir ekstra motivert av å jobbe vidare ved å få ein slik pris, smiler ho.

Kan trenge kurs i Vest-Telemark

Med ein klinikk som går bra, og tre barn på 8, 6 og 1,5 år er det ikkje aktuelt med noko retur til Telemark og Kviteseid.

– Mannen min er svensk og då me skulle starte klinikk etter utdanninga fann me ut at Oslo var eit veldig greitt midtpunkt. Her trivst me godt.

Då er det meir aktuelt å reise heim att til Vest-Telemark som kurshaldar og lære vesttelar flest litt om å få betre haldning.

– Skal ikkje sjå bort ifrå at vesttelar også hadde trengt litt kurs, seier ho smilande.

Først på trykk i VTB, les saka her!