– Ryggsmerter råkar tidlegare

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kiropraktor Thomas Lauvsnes senker hovudet ned mot skuldrane, krummar nakke og rygg og sett opp eit litt apatisk uttrykk. PC-haldninga.

– Slik ser stadig fleire barn og unge ut, og særleg blant jenter er det dårlege kroppshaldningar, seier Lauvsnes.

Dei siste ti åra har han praktisert som kiropraktor og han har lagt merke til ei utvikling han ikkje likar.

– Ungdom, og faktisk barn heilt ned i 8-9 års alderen kjem inn med smerter i rygg, nakke og skuldrer som ein tidlegare berre såg hjå vaksne, seier Lauvsnes.

LES OGSÅ: Berre éin av ti pussar tennene rett

Enorme kostnadar
Muskel – skjelettplagar er svært utbreitt i befolkninga. I Noreg rapporterer kring 80 prosent av alle vaksne at dei har hatt plagar frå muskel – og skjelettsystemet siste veke, ifølgje Formidlingsenheten for muskel og skjelettplagar (Formi). Samla utgifter låg i 2002 på mellom 37 og 44 milliardar kroner. I 2002 var muskel – skjelettplager årsak til 46 prosent av sjukefråveret.

Lauvsnes er bekymra over at unge byrjar smertekarrieren tidleg.

– Den viktigaste faktoren for å få vondt i ryggen, er at ein har hatt vondt i ryggen tidlegare.

Dermed kan talet på sjukmelde grunna smerter i rygg, nakke og skuldrer berre auke når dagens unge kjem inn i arbeidslivet.

LES OGSÅ: Tenkjer seg tjukke

Klarer ikkje sitje på huk
Ofte ber han barn og unge om å gjer ei enkelt øving når dei kjem til time, for å finne ut kor god mobilitet dei har i kroppen. Han ber dei sitje på huk, med begge fotsålane i bakken.

Men mange av barna og ungdommane klarar ikkje det.

– Når ein ikkje klarar å sitje på huk, betyr det at ein ikkje klarar å sette seg ned på do eller sette seg inn i bilen på riktig måte. Dermed feilbelastar ein ryggen kvar gong ein gjer dette. Kroppen fungerer ikkje slik den skal, seier Lauvsnes.

Kva er det beste du kan gjere for kroppen din? Gjer som nær tre millionar andre og sjå videoen 23 and ½ hours: What is the single most important thing for your health?

Test deg sjølv

Om du testar deg sjølv og finn ut at du ikkje klarar det, anbefaler Lauvsnes auka aktivitet og fokus på tøying. Elles kan du risikere å slite ut ryggen på grunn av feilbelastninga. Om ein opplever ryggsmerter over tid, kan ein søkje hjelp hjå fysioterapeut eller kiropraktor.

Han oppmodar generelt til meir fysisk aktivitet. Særleg tenåringar ser han er i dårleg form.

– Folk må kome seg opp frå sofaen og ut og klatre i trær eller spele løkkefotball. Når såg du sist nokon som klatra i trær eller spelte løkkefotball?

Lauvsnes meiner òg at det bør innførast mykje meir gymnastikk og aktivitet i grunnskulen.

LES OGSÅ: Gulrøter får fleire uføre i arbeid

Skal finne samanhengar
Ellen Årtun, kiropraktor og doktorgradsstipendiat ved Syddansk Universitet i Odense i Danmark, forskar på samanhengen mellom ryggsmerter og fysisk aktivitet hjå barn og unge.

– Vi lurer på om det er samanheng mellom fysisk aktivitet og ryggsmerter. For å førebygge ryggsmerter er kanskje viktig å ha ein aktiv kvardag kor ein syklar til og frå skulen, er aktiv på skulen, og leikar eller driv med idrett på ettermiddagen. For ryggen sin del mistenker vi at det kan vere viktigare med aktivitet heile dagen, i staden for å berre trene ein time med høg intensitet på kveldstid, seier Årtun. Ho peikar på at òg faktorar som søvn òg kan påverke ryggen.

Til no finst det ikkje mykje forsking på samanhengen mellom aktivitet og ryggsmerter.

– Problemet der vi står no er at vi ikkje veit eksakt kvifor vi får vondt i ryggen. Det vi veit at er at aktivitet med høg intensitet kan førebygge ryggsmerter.

LES OGSÅ: Løftar seg inn i arbeidslivet

Enorme utgifter
Ifølge Årtun er ryggproblem den ikkje-dødelege sjukdomen eller problemet kostar mest og som har stor innverknad på funksjon og livskvalitet.

– Smerter i ryggen er eit stort problem både på individnivå og samfunnsnivå, seier Årtun.

Resultata frå forskinga vil truleg verte publisert neste år.