Snø eller ikkje snø?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.01.2018 09:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snø er vanleg i Noreg om vinteren, har vi fått høyre. Men er det eigentleg det?
Mellom 2011 og 2018 fekk vi svært lite snø kvar vinter, og det som kom regna kjapt bort.
Vi tok kontakt med ein meteorolog og spurde spørsmål om snø.

Snø i Noreg

– Vi reknar med at det maksimale med snø som kan kome er omlag 2,5 m. Dette kjem ikkje på ein dag, men over tid, om det får liggje. Det meste vi har sett på ein dag er omlag 60 cm, og det har vore i Agder og i Tromsø, seier Elin Lundstad ved Meteorologisk institutt til Framtida.

Ho forklarar at vi må vi ha under null grader i lufta, der nedbørpartiklane dannast, om vi skal få snø. Det kjem meir i innlandet og område som ligg høgt over havet enn dei som er
nære kysten. Dette er fordi vatnet er varmare enn lufta.

Fuktigheiten i lufta avgjer

– Fuktigheiten i lufta avgjer kva type snø vi får. Jo kaldare det er i lufta, jo meir
sannsynlig er det at det er det som kjem og ikkje regn. Er det over null grader, får vi som regel regn i staden, eller sludd, ei blanding mellom snø og regn, om det er omlag 0.
Når snøen treff bakken er det ei rekke faktorar som påverkar kva slags snø vi får. Eit
døme er snøfokk, der den lette snøen som kjem straks kan blese langt av garde med
vinden og danne snøfonner, forklarar Lundstad.

Mykje påverkar korleis vêret blir i framtida

Mellom anna Per Sandberg og Christian Tybring-Gjedde frå Frp meiner menneskeskapte
klimaendringar ikkje eksisterer. I år er vinteren er kald og full av snø. Kvifor vil mykje snø og
kaldt vêr eitt år ikkje seia at det ikkje er klimaendringar?

Elin Lundstad snakkar om snø.

Elin Lundstad er meteorolog ved Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo.
Foto: Meteorologisk institutt.

– Per Sandberg er er politiker og jeg veit ikkje kor mykje kunnskap han eigentleg har på dette området samanlikna med oss som jobbar med dette dagleg. Vêret endrar seg frå år til år, uansett. CO2 i atmosfæren aukar frå år til år, og det er lite som tydar på at dette ikkje kjem frå menneskeleg aktivitet.

Ho peikar og på at det er mykje som påverkar vêret, og at kaosteorien, det at ein sommarfugl som slår med vengene i Sør-Amerika kan påvere vêret her i Noreg, har vore kjend ei stund. Vulkanutbrot og andre store hendingar kor som helst i verda kan påverke vêret, òg i Noreg, massivt.

– No driv ikkje vi på Meteorologisk institutt med politisk arbeid, men driv med forsking basert på statistikk, så det er vanskeleg å gå i debatt med politikarar som dette.

1990-varselet stemmer bra

I 1990 sa Meteorologisk institutt at det ville bli 1-2 grader varmare, og mindre og mindre snø for kvart år, generelt sett.

– Det har synt seg å stemme bra, til dømes mellom 2011 og 2018 har det vore svært lite snø kvar vinter. Vi meinte aldri å seie, og sa heller aldri, at snøen vil bli totalt borte kvart einaste år i all framtid. Eitt år er ikkje nødvendigvis likt eit anna, og vi vil halde fram med å ha år med mykje snø. Det blir berre langt færre av dei, avsluttar Lundstad.