Slik blir du klar for klimadebatt

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 05.06.2017 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke gav forskarane tips til korleis vere løysingsorientert i ein klimadebatt.

Denne veka får du svar til fire av dei mest vanlege påstandane frå klimaskeptikarar.


Påstand 1:
CO2 i atmosfæren påverkar ikkje klimaet, det er endringar i solaktivitet som har skulda.

Sunshine
Foto: Flickr / Hiromichi Torihara CC BY

Rasmus Benestad, seniorforskar ved Meteorologisk Institutt: Påstanden er feil. CO2 påverkar klimaet gjennom drivhuseffekten. Når konsentrasjonen av CO2 aukar vil drivhuseffekten bli sterkare, og vi får global oppvarming, det vil seie eit varmare klima.

Ofte skjer det fleire ting samtidig som påverkar klimaet i ulike retningar. Difor er det gale å framstille spørsmålet som om det er anten CO2 eller solaktivitet.

Sidan 1950-talet har vi ingen målingar som viser at solaktiviteten har endra seg på ein måte som kan forklare oppvarminga vi ser no. Derimot ser vi at utviklinga i CO2 og temperatur følgjer kvarandre i stor grad.

Bjørn Samset, forskingsdirektør ved CICERO: CO2 fungerer på jorda slik som ein genser gjer på oss: Den held att litt av varmen frå huda så det vert ein god, lun temperatur. CO2 er ein viktig grunn til at temperaturen på jorda er leveleg.

Dei siste hundre åra har det blitt om lag ein grad varmare. Solaktiviteten har vore jamn og fin gjennom det meste av denne perioden, men mengda CO2 i atmosfæren har auka med nesten 40 prosent. Denne auken er meir enn nok til å forklare at det vert varmare på jorda.


Påstand 2:
Menneske er ikkje årsak til klimaendringane, det er naturleg variasjon.

Plant
Foto: Flickr / Aurimas CCBY

Samset: Dersom nokon seier at «naturlege variasjonar» er viktige, spør dei kva for variasjonar det er snakk om og korleis dei påverkar klimaet.

Når klimaet endrar seg må det ha ein grunn. Hava har blitt varmere, isbreane smeltar og regnmønstra endrast.

Vi har sjekka alle alternativa. Verken vulkanar, endringar i Stillehavet, 11-års-syklusane til sola eller annan naturleg variasjon kan forklare kvifor det har blitt ein grad varmare ved jordoverflaten dei siste hundre åra. Det kan derimot auken i CO2.

Benestad: Vi veit at klimaet responderer på balansen mellom energien som jorda får frå sola og energien som jorda mistar ut til verdsrommet. Balansen vert påverka av CO2.

Vi veit også at CO2-konsentrasjonen har auka grunna CO2-utslipp frå fossile energikjelder. Kjemiske reaksjonar tilseier at kol, olje og gass avgir CO2 når dei vert forbrent, og det er ingen tvil om at auken i CO2 er menneskeskapt.

Det er heller ingen tvil om at CO2 er ein drivhusgass, noko som kan målast i laboratorium og forklarast gjennom kvantefysikk.

Det har alltid vore naturlege variasjonar i klimaet. Vi merkar det særskild på regional og lokal skala der vindretninga avgjer om vi får kald eller varm luft. Nokre værfenomen varierer heilt av seg sjølv, slik som El Niño og monsunregnet.

LES OGSÅ: Hagen tar feil om klima


Påstand 3:
Det var varmare i vikingtida enn det er no, og det var grønt på Grønland for 1000 år sidan.


Illustrasjonsfoto: Rob Oo / Flickr / CCBY

Benestad: Rekonstruksjonane av temperaturen er langt frå like nøyaktige som dagens termometermålingar, og må derfor tas med ei klype salt. Det er all grunn til å vere kritisk til skråsikre påstandar om viking- og middelalderen.

Jorda var ikkje varmare i vikingtida enn den er i dag. I ein del av middelalderen var det fleire kortare eller lengre varmeperiodar i nokre deler av verda, men for det første var dei sterkast i Europa og Nord-Amerika, og for det andre var dei ikkje varmare enn det har blitt i dag.

Temperaturen på heile jorda har variert veldig sakte, og veldig lite over dei siste ti tusen åra.

I mindre område, som til dømes Nord-Europa, har det likevel vore ein god del temperatursvingningar grunna havstraumar, vulkanar og liknande. Då vikingane kom til Grønland, meiner vi at tilhøva der var om lag som dei er i dag.

Samset: At det i perioda var varmt i Europa for 1000 år sidan, betyr jo ikkje at det ikkje skjer menneskeskapte klimaendringer i dag.

Vi veit at fossile brensel gjer at det blir meir CO2 i lufta, at dette forsterkar drivhuseffekten, og at dette igjen gjer jorda varmare. Ikkje nokon gang sidan forrige istid har heile verda blitt varmare og varmare på den måten som den gjer no.

Sjølv om temperaturen i vikingtida er interessant for forskarar, så er det ikkje så viktig for det som skjer rundt oss i dag.


Påstand 4:
Korrelasjon (at ting skjer samtidig) er ikkje det same som kausalitet (at det eine forårsakar det andre), og det er ikkje bevis for at CO2 er årsaka til global oppvarming.


Foto: l.w./Unsplash

Benestad: Det er riktig, men påstanden byggjer på ei misforståing.  

Beviset for at auka CO2-nivå fører til global oppvarming er basert på fysikklovene. Forståelsen for fysikklovene vert støtta av observasjonar og statistikk.

Samset: Dei siste tredve åra har klimaforskarar sjekka alt som endrar seg i hele klimasystemet, frå toppen av atmosfæra og ned til botnen av hava. Vi leitar ikkje etter korrelasjonar, men etter fysiske lover og samanhengar som kan forklare kvar energien til å varme opp jorda kjem frå.

Og etter mykje om og men: Det er ikkje sola. Det er ikkje skyer. Det er ikkje havet. Det er ikkje kosmisk stråling. Det er ikkje vulkanar. Det er ikkje varme fra inne i jorda.

Alle desse har vi sjekka, og sjølv om dei varierer, så kan dei ikkje forklare den ekstra energien.

Det kan derimot den auka mengda av CO2.

Klimaforskarar er ganske grundige, og godtar ikkje ein samanheng før den er grundig sjekka. Det er den.

Vi er helt sikre. Global oppvarming kjem i all hovudsak frå auken i CO2.


Svara har blitt redigert og korta ned for å gi klarheit.

LES OGSÅ: Sjå korleis planeten har forandra seg


Grafen under viser endring i CO2-nivået i atmosfæra dei siste 400 000 år. Kjelde: NOAA

 

 

 

Grafen under viser endring i global overflatetemperatur sidan 1880. Kjelde NASA.

 

LES MEIR OM KLIMA