Vipps blir lansert internasjonalt i år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter at EUs nye bankdirektiv PSD2 tredde i kraft 13. januar er det ope for gigantar som Apple, Facebook og Google å etablere banktenester. Kjernen i direktivet er at andre enn tradisjonelle banker kan tilby finansielle transaksjonar til kundar.

Då den norske betalingsløysinga Vipps vart skilt ut frå DNB i fjor og slo seg saman med Bank Axept og BankID, vart det sagt at ambisjonane var å lansere tenesta internasjonalt, i konkurranse med dei største. Nokon dato for dette vart likevel ikkje sett. Under eit frukostmøte i Finance Innovations i Bergen denne veka, sa likevel Vipps-sjef Rune Garborg at ei lansering utanfor Noreg er i sikte.

Skal kunne tilby både betaling, saldo og kjøp

– Vi har brukt 2017 på å trekke ut teknologien vår, slik at den står på eigne bein utan DNB. Det inneber at vi kan presentere den andre stadar, og vi kjem til å gå internasjonalt i 2018, seier Garborg ifølgje Sysla.

Moglegheitene med det nye direktivet er at andre enn banken din skal kunne tilby både betaling, saldo, kjøp av varer og mykje meir.

– Rekningar og netthandel er allereie eksisterande funksjonalitet, og vi lanserer saldo og mykje meir om kort tid. I kjernen har vi alltid medvit rundt at tenesta vår skal vere enkel. Om det ikkje er enkelt, skal ikkje vi lansere det, seier Vipps-sjefen.