Nynorsk kultursentrum ber om forslag til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar 2018». Alle som vil, kan føreslå kandidatar.
Sunniva Lund Osdal, Ivar Aasen-tunet
Sunniva Lund Osdal, Ivar Aasen-tunet
Årets nynorskbrukarar 2005–2017

2005 Forfattar Kjartan Fløgstad
2006 Forretningskvinne og toppidrettsutøvar Kari Traa
2007 Forlagsredaktør Guri Vesaas
2008 ÅmliAvisa v/redaktør Inger Stavelin
2009 Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal
2010 Forfattar Maria Parr
2011 Bloggar Linda Sæbø
2012 Journalistane Ingvild Bryn og Arill Riise
2013 Filosofen Gunnar Skirbekk
2014 Songlyrikarane Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga
2015 Kunsthistorikar og forfattar Jorunn Veiteberg
2016 Omsetjar Martine Sand
2017 Generalløytnant Morten Haga Lunde, Etterretningstenesta

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dette er den fremste nynorskprisen og ein av dei få som dekkjer alle samfunnsområde, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

Fristen for å føreslå kandidatar er sett til torsdag 15. februar. Styret i Nynorsk
kultursentrum tek si avgjerd få veker seinare. Prisen er på 100 000 kroner og blir kvart år delt ut ved opninga av Dei nynorske festspela. I fjor hadde styret 38 kandidatar å velje mellom.

Prisen er på 100 000 kroner

Ein e-post til Admin(alfakrøll)aasentunet.no med eit namn og ei kort grunngiving er alt som skal til.

Først og fremst er dette ein pris for viktig innsats dei siste åra.

– Mange bør prisast for innsatsen sin over lang tid, men Nynorsk kultursentrum vil med denne prisen særleg framheve det som skjer her og no, på ulike samfunnsområde, seier Grepstad.

Prisen «Årets nynorskbrukar» blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk. Og som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Styret i Nynorsk kultursentrum er jury for prisen, som er blitt delt ut kvart år sidan 2000.

Oppdatert: måndag 22. januar 2018 20.08

Kommentarar

ANNONSE