Listhaug fryktar ikkje vaktbikkja frå Venstre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han brukar ikkje omgrepet sjølv, men i pressa er Sveinung Rotevatn allereie utnemnt til Venstres vaktbikkje i Justisdepartementet. Det tar Sylvi Listhaug tilsynelatande med knusande ro.

– Det er mange som har prøvd å kontrollere meg eller vere ei vaktbikkje opp gjennom åra. Men det er ingen som har greidd det, seier ho til NTB.

Nye oppgåver

Sylvi Listhaug er kanskje den mest omstridde statsråden i regjeringa. Mange beundrar henne for klar tale, mens andre blir støytte av ordbruken hennar. Onsdag fekk ho nye, tunge oppgåver som justisminister, samtidig som ho beheld ansvaret for innvandringspolitikken, der avstanden til regjeringspartnar Venstre er særleg stor.

– Eg brukar å kalle ein spade for ein spade. Det kjem eg til å fortsette med. Eg vil ikkje forandre personlegdom, seier Listhaug til NTB.

Ho beskriv Rotevatn som ein veldig dyktig politikar, og seier ho er trygg på at dei to vil samarbeide godt. Same svar kjem frå Venstre-mannen, som mista stortingsplassen sin i haust.

– Eg er heilt sikker på at det kjem til å gå bra. Vi er to ulike parti, men det regjeringa gjer, står vi saman om, seier han til NTB.

Restriktiv politikk

Då ho onsdag takka av Per-Willy Amundsen som justisminister, slo ho fast at det viktigaste framover blir å sørgje for ein framleis restriktiv innvandringspolitikk.

Men integreringspolitikken misser ho ansvaret for. Og det er like greitt, ifølgje NOAS’ Ann-Magritt Austenå. Ho meiner Listhaug ikkje har vore særleg opptatt av dette likevel, men får svar på tiltale.

– Eg har vore veldig opptatt av integrering og prioritert dette høgt, men Justisdepartementet er så stort at eg trur det ville vore veldig vanskeleg å ha hatt ansvaret for dette no, i tillegg til alt anna, seier Listhaug.

Sanner overtar

Integreringspolitikken hamnar no på bordet til Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner, som skiftar beite frå Kommunal- til Kunnskapsdepartementet.

– Vi skal gjennomføre ei reform av introduksjonsprogrammet og sørgje for at fleire kjem raskare ut i arbeid. Då må vi jobbe tett med andre departement som næring, arbeid og kommunal. Men nøkkelen til god integrering ligg i kunnskap og kompetanse, og då må vi starte i skulen og barnehagen, seier Sanner, som legg vekt på det han kallar kvardagsintegrering innan det frivillige og sosialt entreprenørskap.

Frps Atle Simonsen er utnemnt som statssekretær for Sanner, men statsråden avviser at han er plassert der for å hindre at Høgre mjukar opp integreringspolitikken.

– Nei, han kjem ikkje hit som Frp-ar, men som statssekretær og representant for regjeringa, seier Sanner.