Etterlyser moderne Ferdaminne

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det vil vere kult å gjere Vinje relevant, eller sjå kor relevant han er i dag, seier Gunhild Mohn, organisasjonssekretær i Norsk Journalistlag. Konkurransen er vedtatt av arbeidsutvalet til Norsk Journalistlag.

Mohn sit i den nasjonale komiteen som jobbar med Vinje-jubileet.

LES OGSÅ: Vinje 200 år. Slik blir feiringa

Nyskapande

Ferdaminne er Vinje si skildring frå den store Noregsreisa han gjorde i 1860 og blir ofte rekna som hans viktigaste verk.

Gunhild Mohn i Norsk Journalistlag sit i den nasjonale komiteen for Vinjejubileet. Foto: NJ

Vinje sitt format var det skrivne ord, men dagens Ferdaminne kan gjerast på alle medieplattformer og på begge målformer, ifølgje utlysinga.

– Eg håpar å få inn ei nytolking, noko spennande med ein ny vri og ny form. Det hadde for eksempel vore kult med ein instagram-historie. Kanskje noko som ser samtida på ein ny måte. Vinje var ein innovatør i si tid, som har inspirert andre seinare, seier Gunhild Mohn til Framtida.no.

Norsk Journalistlag vil markera Vinje både i Vinje i april og i Oslo i haust, og håpar fleire lokallag vil laga til sine markeringar av journalisten og forfattaren.

Vinnaren av konkurransen blir kunngjort på Vinje sin fødselsdag 6. april under jubileumsfeiringa i Vinje kommune.

 

 

Fakta: Aasmund Olavsson Vinje

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Vinje var journalist og skreiv mellom anna for Morgenbladet, Drammens Tidende og si eiga vekeavis Dølen. Vinje var, i følgje Bokselskap, kritisk og drøftande og meinte at journalisten si oppgåve var å rettleie og opplyse lesaren utan sjølv å velje side. Med sin muntlege, humoristiske og personlege stil bidrog han til å fornye avisene sin språkbruk.

Ferdaminne var det første større verket som tok i bruk Ivar Aasen sitt landsmål, eller nynorsk som me kallar det i dag.

Vinje er spesielt kjend for det såkalla tvisynet som han i Ferdaminne skildrar som evna til å sjå “Retta og Vranga paa Livsens Vev, soleides at med lettare kunne liksom graata med det eine Augat og læ med det andre”.

Som i kapittelet om Grauten på Grut der han skildrar nasjonalt kosthald med stor ironi: «Det skurade ned igjenom Halsen, liksom naar Grantoppen verdt slipat og dregjen ned igjennom Ovnspipa». Kvar går du for å skildra Noreg i dag?